TOLV BILDER OG TUSEN TANKAR
FORMIDLING AV SAMTIDSKUNST TIL BARN OG UNGE

Kunstnar:
Astri Eidseth Rygh

Pedagog:
Halldis Hamsaas

Kunstlenker

Bestilling

Diskusjonsforum

 


JANUARBILDET : " Til eit bilde " av Astri Eidseth Rygh.

Klasse 5 B , Øyra skule , Volda , har late seg inspirere til formingsarbeid og skriftleg uttrykk. To formingstimar og to norsktimar vart brukt.

1. Fortellinga til bildet, skrive av kunstnaren, vart lese opp for klassen. I samtalen kring innhaldet kom det fram at mange av elevane hadde opplevd liknande:

Dei hadde " sett " ting i bilder som kunstnaren ikkje hadde laga.

2. "Til eit bilde" vart vist for klassen på overhead. Elevane studerte det nokre minutt, og kommenterte fargar, nyanser og linjer, kva som var nært og kva dei tykte var lenger borte i bildet.

Mange meinte dei såg eit " rom "; ei hole , ein veg , ein gøymeplass.

3. Seinare skreiv elevane om bildet. Dei var objektive og noterte berre det auge såg, men ga også rom for fabulering rundt opplevinga, med eigne tankar, assosiasjonar og kjensler.

4. Elevane mala sitt eige bilde, i blåtonar på A3-format.

Dette bildet er laga av Marie Halkjelsvik, 5B, Øyra skule.

Kunne vi klare å skape eit rom i bildet, ei hole, ein veg, ein gøymeplass ved hjelp av fargenyanser og grove og fine penselstrøk ?

Seinare tok vi ut ein del av bildet - ca 20 x 20 cm - der " romet " var sentralt.

Der plasserte elevane seg sjølve - liggande, svevande, sittande eller gåande - i eller mot " romet " i bildet.

Figuren vart klipt ut i gråpapir.

Sissel Eidseth Sørheim klassestyrar kl. 5 B , Øyra skule, Volda