Miljølære i Møre og Romsdal

Miljøord
E-post

Miljøkontakt
tlf 70 05 50 64
November 1995
Februar 1996
Juni 1996
September 1996
Oktober 1997
Februar 1998

Til toppen av sida

Miljø-ord

miljø

Biologisk omgrep for ytre levekår for ei organisme, populasjon eller eit økologisk samfunn, og påverknadar desse vert utsette for.

miljøvern

Ei vidareføring av uttrykket naturvern, omfattar også vern av kulturlandskap. Vert også nytta utanfor det økologiske feltet; bustadmiljø og arbeidsmiljø. Samleomgrepet Natur- og miljøvern har vorte eit vanleg uttrykk.


Vannprogrammet
Diskusjonsgruppe
Til toppen av sida

Til toppen av sida

Til toppen av sida

Til toppen av sida

Oppdatert
06. november 1998
av Helge Standal
AV-SENTERET

miljøkatastrofe

Langvarige alvorlige miljøproblem som klimaforverring eller alvorlege hendingar som giftutslepp, atomuhell og oljeutslepp.

miljøgift

Kjemiske forbindelsar som ikkje er ein naturleg del av miljøet. Dei farlegaste miljøgiftene er dioksin, PCB, DDT, tungmetall, radioaktive stoff, foraner, klorerte bensener og hormonliknande forbindelsar.

miljørørsle

Den delen av folket som støttar natur- og miljøorganisasjonar. Lokale grupper, delar av politiske parti og halvoffentlege organ vert også rekna med i miljørørsla.

miljømerking

Merking av forbruksvarer for å få folk til å kjøpe dei minst miljøskadelege varene. Miljømerket Svanen vart innført av Nordisk ministerråd i 1990. Godkjenning av miljøprodukt gjeld i avgrensa periodar.

miljøvernavdeling

Statlige organ tilknytta fylkesmanns-embeta. Arbeider med naturvern, friluftsliv, vassdragsforvaltning, fiske, viltstell og forureining. Har også vegleiingsansvar overfor kommunane.

miljøundervisning

I grunnskulen er miljøundervisninga tverrfagleg, den kjem inn i samfunnsfag, naturfag, orienteringsfag og livssyn. Miljøundervisninga skal gi elevane innsikt om mangfaldet i naturen og samspelet mellom menneske og natur. FN koordinerer den internasjonale miljøundervisninga.


Nettsidene vert tilrettelagt for Internett av AV-senteret AS i Volda.