
|
Vi har valt å kalle avisa Miljøkontakt Målet er å skape eit kontaktorgan for skular som vil satse på nysgjerrig aktivitet ute i naturen, oppdage og forstå det finstemte samspelet og motarbeide alt som kan øydelegge denne balansen. | Vi vil ta opp tema som kan vere av felles interesse og prøve å få med informasjon om ting som skjer på miljøfronten. Skriv til oss anten på vanleg måte eller bruk datamaskinen og legg inn på VBBS basen stoff om dykkar arbeid med miljøprosjekt ! Fortel om ting de har oppdaga eller om noke de har vore med på som også andre kan prøve. Send gjerne bilete av klassen eller gruppa i arbeid - teikning av utstyr de har laga sjølve osv. Slikt må de nok sende i posten og adressa vår er : |
MILJØKONTAKT MILJØSKULEN I DALSFJORD 6133 L A U V S T A D
Tlf 70 05 50 64 eller 70 05 50 06 Neste utgåve av MILJØKONTAKT kjem ut 20. februar. Stoff til avisa må vere innlagt på VBBS-basen eller postlagt seinast 10. februar !! Vi kan ikkje love at alt innsendt stoff kjem med, men alle bilete blir returnerte til innsendarane også dei som blir brukte i avisa. |
|
Statens utdanningskontor Ivar Vereide: Miljøavis for Møre og Romsdal Miljøavisa for Møre og Romsdal vonar vi skal bli både ein informasjonskanal og ein møteplass for skole og forvalting. Det skjer mykje rundt om i fylket når det gjeld miljøundervisning og miljøarbeid. Det er likevel slik at variasjonen og graden av tiltak varierer vesentleg frå skole til skole og kommunane i mellom. Dei vidaregåande skolane har gjennomført ei grunnskolering i miljølære der om lag 80% av lærarane har delteke, men oppfølginga av feltet varierer nok sterkt også der. Statens utdanningskontor har iverksett ulike tiltak for å aktualisere arbeidet med miljøundervisning i skolen, men erfaringane er ofte at vi ikkje maktar å få fram aktuell informasjon til rett tid og med god nok kvalitet. Miljøavisa er eit tiltak for å bøte på noko av dette. Avisa skal kome ut med minst fire nummer pr. år, to i vår- og to i hausthalvåret. Statens utdanningskontor har det overordna ansvaret, og skal syte for trykking og utsending. Redaktør med hovudansvar for utveljing av stoff og redigering, er Sverre Lillestøl ved Dalsfjord skule i Volda. Møteplassfunksjonen skal i første rekke ivaretakast av Ståle Ytrestøl ved AV-sentralen as i Volda. Målet er at skolane skal kunne bruke databasen til å presentere prosjekt ein arbeider med, legge inn informasjon eller spørsmål som ein ynskjer tilbakemelding på. Ei anna viktig side med tiltaket er høvet til å knyte kontakter med andre skolar. Vidare vil redaktøren bruke innhaldet på basen som eit utgangspunkt for stoff til avisa. Statens utdanningskontor har inngått avtale med AV-sentralen as i Volda om bruk av tenester frå skolane, slik at Ytrestøl kan utføre brukarstøtte overfor skolar som treng det. Vi veit gjennom tidlegare prosjekt at dette er eit system som fungerer, og at mange skolar har utstyr for å kunne delta. For dei skolane som ikkje har utstyr, er behovet ein PC og eit modem til ein kostnad på 1500 - 2000 kroner. Vi ser det slik at ein på denne måten kan samordne dataundervisning og miljølære på ein god og konkret måte. AV-sentralen as arbeider også med planar for å koble saman Voldabasen med Internett og å påta seg eit visst redigeringsansvar i den samanheng.
|
Miljøundervisning er ikkje noko nytt tema i skolen.
Frå 1986 og fram til i dag har det vore gjennomført mange kurs og konferansar, og mange planar er utarbeidde. Data/informasjonsteknologi har også vore eit satsingsområde, men felles for begge områda er at mange elevar burde få ei betre undervisning på desse felta enn kva dei faktisk gjer i dag.
Dette er eit ansvar som vi alle må dele, men no vert det gjennomført tiltak som vil få konsekvensar for elevane, mellom anna kan ein nemne:
Bruk av Miljøavisa kan vere ein indikator på interesse og oppfølging av feltet. Vi ynskjer kvarandre: Lykke til. Molde, 16. oktober 1995 Ivar Vereide |
|
Statens utdanningskontor i Aust-Agder: DET BLIR "BRYLLAUP !"
HOVIS går saman med Kystprogrammet i 1996!
Bekkis og Vanda går saman til eitt ferskvassprogram.
Det var ein glad leiar for dei nasjonale miljøprogramma, Hans Georg Toreskaas ved Statens utdanningskontor i Aust-Agder som opna miljøkonferansen 1. - 3. oktober med denne meldinga. Det gledelege i denne meldinga er at både HOVIS (Havovervaking og varsling i skolen) og ferskvassprosjekta VANDA og BEKKIS skal gå vidare. HOVIS-prosjektet er eit forholdsvis tungt prosjekt fordi det krev mykje utstyr, bruk av båt og stor grad av nøyaktigheit i registreringa. Dette er nok grunnar til at relativt få skular har våga å engasjere seg i det og det vart ikkje lettare etter at det kom nye reglar for bruk av båt og redningsutstyr sist sommar. Ei arbeidsgruppe på konferansen etterlyste ei avklaring på økonomiske spørsmål når ein må leige båtar, utstyr , materiell og personressursar, men største problemet er å motivere lærarar til å nytte Kyst/Hovis. Stort behov for kurs blant lærarane For å auke oppslutninga om Kyst/HOVIS er det ein nærast ein føresetnad at skulane må få tilbod om kurs. Det er allereie avvikla kurs der Kyst/HOVIS er sentrale emne t.d. ved Miljøskulen i Dalsfjord som er HOVIS-operatør i Møre og Romsdal, og det er planlagt fleire slike kurs i 1996.
Kyst/HOVIS - eit lykkeleg ekteskap?
Val av arbeidsoppgåver
"Kva skal barnet heita?" |
|
|
Tverretatlig miljøprosjekt i Kristiansund: Miljøgrupper i grunnskolene og barnehagene i Kristiansund Elevgruppene innkalt til kurs i kildesortering, avfalls-behandling, kompostering, inneklima, prosjektunder-visning, global tenkning-lokal handling, 100 m skog m.m. Resultatet av dette er at alle skoler og barnehager driver med papir- og melkekartonginnsamling og de fleste er i gang med kompostering! Det er etablert en TVERRETALIG ARBEIDSGRUPPE med medlemer fra bredden i skoleverket, miljøvernlederen, seksjonslederen i Teknisk etat, miljøkonsulenten, fylkes- og lokalleder i Miljøheimevernet og representanter fra 2 større bedrifter i kommunen. Også Fylkeskontaktgruppa i Miljø har vært representert. Denne gruppa har fått oppgaver som førte til en MILJØDUGNAD i Kristiansund. Det ble en solid dugnad hvor Miljøheimevernet stod i fokus. Alle byens husstander skulle besøkes av elever fra ungdomsskolene og den videregående skolen som delte ut handlingsark for å motivere folk til å delta i Miljødugnaden. Noen dager i forveien skulle elevene undervises i miljøvern og selv bli motivert for oppgaven. Det unike her, var at det var deltakerne i det Tverretatlige miljøprosjektet som sto for denne undervisninga. Her var det f.eks. en leder for en kjent bedrift som fortalte om miljøarbeidet ved bedriften. Hele 27 kalsser ble i løpet av noen få dager undervist av denne gruppa. Resultatene av innsatsen er ennå ikke klare, men erfaringene så langt er meget positive. Et av de viktigste målene med det tverretatlige arbeidet, er at vi kan oppleve å vere ressurser for hverandre på alle nivå! Dette virker utviklende og positivt overfor hverandre og samfunnet. I Kristiansund er det kommet igang et meget godt tverretatlig samarbeid innen miljølære. Det er Pedagogisk senter ved skolekontoret som har tatt initiativet og utarbeidet en spennende samarbeidsmodel. Utgangspunktet var å få til noe i fellesskap mellom barnehage, grunnskole og videregående skole. Det skulle utarbeides en miljøplan hvor det var en sammenheng og en rød tråd hele veien. Siden Kristiansund kommune allerede var godt igang med arbeid og tiltak innen ressursproblematikken, var det naturlig for oss å knytte oss opp mot dette og ta utgangspunkt her. Dette førte til at interessen for å bli med i det tverretatlige miljøprosjektet ble meget stor. Her kunne man fort oppdage den gjensidige nytten av hverandres innsikt og ressurser. Arbeidsgruppen som ble nedsatt skulle utarbeide konkrete tiltak og prosjekter for samarbeid innen feltet, men det utvikles også synspunkt på muligheter til videre utvikling innen samarbeidet forteller Paul Levinsen som er veileder i Miljø ved Pedagogisk senter ved skolekontoret i Kristiansund. |
|
Miljøkontakt samarbeider med databasen ved AV-sentralen i Volda.
VBBS-basen som han heiter, skal vere MILJØKONTAKT si elektroniske postkasse der stoff til avisa kan leggast inn. Vi vil også legge inn nokre arbeidsoppgåver til dykk som har datautstyr og modem, men oppgåvene kan de også finne i MILJØKONTAKT i februarutgåva! Vi har kontakt med nokre personar og institusjonar som ønskjer seg informasjon om ting som skjer i naturen eller i miljøet rundt om i fylket til visse tider på året. Dei kjem med oppgåver og instruksjon om korleis desse oppgåvene skal løysast både i Miljøkontakt og innlagt på VBBS-basen. Vi vonar mange kan vere med på dette eksperimentet som kan bli interessante oppgåver innan naturfag, samfunnsfag og miljølære I tillegg kan det vere med på å skaffe viktig informasjon til forsking og næringsliv! |
Alt stoff til bladet bør innleverast i elektronisk form. Skriv i ein teksthandsamar og send til Miljøkontakt, AV-sentralen i Volda.
Best er det å sende stoffet til AV-sentralen sin elektroniske database, VBBS. Denne når du med modem, tlf 70 07 69 00. Her vil du samtidig kunne finne relevant stoff frå andre innsendarar. Ei elektronisk utgåve av bladet vil også finnast her. Du kan også sende via Internett. Adressa er då Staale@av-sentralen.no. Ein diskett i posten går også an. Bruk ein vanleg teksthandsamar, t.d. WP eller Word, og hugs å skrive utan å trykkje lineskift anna enn ved nytt avsnitt. Biletmateriell kan også gjerne vere elektronisk og sendt til oss via elektronisk post. Vi reknar likevel med at berre dei ferraste har utstyr for å lese over bilete til dataformat, så det er heilt greitt å få vanlege bilete. Farge eller svart/kvitt. I bladet blir alt trykt i svart/kvitt. Hugs at det viktigaste er å levere inn stoff som har med arbeidet for miljøet å gjere. Kom med det de har, og produser gjerne meir og send til oss. Ikkje ver alt for kritiske med omsyn til korleis det er skrive. Vi vil heller ha noko som er litt feiltasting i enn ikkje noko i det heile. |
|
MILJØKONTAKT: Miljøavis for Møre og Romsdal Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord Web-versjon: Roar Stokken, AV-sentralen |
Adresse:Miljøskulen i Dalsfjord, 6133 LAUVSTAD Telefon 70 05 50 64 / Telefax 70 05 50 52 Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord E-post Staale@av-sentralen.no |