[Info frå utd.kontoret] [Hefte til 3.kl] [Båt i underv.] [Åkerriksa hekkar] [Miljøprisen 1996] [Adresser]

Årgang2, Nummer 1, februar 1996
Informasjon frå Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal, februar 96
1. Rullering av regional plan for kompetanseutvikling i miljølære

Fylkeskontaktgruppa for miljølære drøfta i desember 1995 rullering av den regionale handlings planen for kompetanseutvikling.
Hovudstrategi og satsingsområde vert vidareført, men ein vil endre på den konkrete tilrettelegginga på nokre område. Dette gjeld mellom anna den regionale oppfølgjinga av kommunane. Frå hausten 1996 legg ein opp til ein felles miljøkonferanse for samla fylke i regi av Fylkesmannen ved Miljøvernavdelinga og Statens utdanningskontor. Dette skal vere ei samling over to dagar med eit sentralt tema i ei nasjonal profilering første dag, medan andre dag skal vektlegge lokale tiltak/prosjekt med erfaringsutveksling. Vi vil sjå denne konferansen i samanheng med TV-aksjonen '96: "Miljø for livet".

Ein vil vidare vektlegge samarbeid med andre organisasjonar/etatar for å kunne presentere ein del av breidda når det gjeld miljøarbeid i fylket. Departementet har frå og med 1996 lagt opp til ei anna organisering når det gjeld den økonomiske oppfølgjinga av etterutdanningstiltak i samsvar med den nasjonale handlingsplanen.

Ved dei to føregåande søknadsrundene har Statens utdanningskontor oversendt dei kommunale søknadene til departementet for vidare handsaming. Frå og med 1996 skal denne tildelinga gå over den samla ramma for grunnskolereforma, med prioritering og tildeling ved det einskilde utdanningskontor. For 1996 har vi fått inn søknader frå 13 kommunar med ei samla ramme på kr 241 500.

Fleirtalet av kommunane kan rekne med å få tildelt midlar, men dei kommunane som ikkje har etablert tverretatleg samarbeid og/eller manglar plan for feltet, vil i beste fall få ei sterkt redusert tildeling i høve søknaden.

Kommunane vil få informasjon om tildelinga så snart dei nasjonale retningslinene for tildeling ligg føre.

Den reviderte planen for miljøundervisning i Møre og Romsdal vil bli utsend i mars 1996.

2. Kartlegging av samarbeidsoppgåver mellom skolar og kommunale etatar.

Miljøverndepartementet har, i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, teke initiativ til kartlegging av samarbeidsprosjekt mellom skolar og kommunale etatar. Målet er å finne fram til aktuelle samarbeidsoppgåver i kommunane og synleggjere korleis skoleverket kan fungere som ein ressurs i det lokale miljøvernarbeidet. Det er utarbeidd spørje-/registreringsskjema for kommune og skolenivået. Fylkeskontaktgruppa for miljøundervisning drøfta denne saka på møtet i desember 1995, og ein kom fram til at vi ikkje skulle gå ut med noko brei kartleggjing i kommunane og skolane no. Vi veit at det i denne perioden er mykje informasjonsinnhenting på gang, og vi ynskjer ei avgrensa utprøving i første runde.

I løpet av våren vil Fylkeskontaktgruppa/Statens utdanningskontor ta kontakt med nokre kommunar, både utdanningsadministrasjon og miljøvernleiar, og be om ei avgrensa utprøving av materialet. Vert kartlegginga og resultatet av den positiv, vil materialet og arbeidet bli presentert på miljøkonferansen hausten 1996

Ivar Vereide

Møre og Romsdal skogselskap deler ut gratis hefte til alle 3.klassingar i Møre og Romsdal.

Dersom skulen din ikkje har fått elevheftet Bli med UT I SKOGEN samt lærarretleing kan de ta kontakt med oppvekstkontoret eller skulekontoret i kommunen

Båt i undervisninga

Kven har ansvaret - og kva for lover og reglar må vi ta omsyn til når vi vil ut i båt?
Kva gjer vi når elevane masar om tur på sjøen og velvillige foreldre inviterer ombord i snekka?
Kan vi ta klassen med ombord i fiskebåten «Trygg» på holmetur?

Statens utdanningskontor i Aust-Agder tok opp slike spørsmål med Sjøfartsdirektoratet og har laga eit utdrag av gjeldande reglar. Dette finn vi i Kystbulletin nr. 2, august 1995. På grunnlag av denne artikklelen og litt frå «Redningsskøyta» sin artikkel i blad nr.3/95 om same emnet, har vi sett opp nokre enkle reglar:

Det skal vere flyteplagg til alle ombord uansett om det er robåt, fritidsbåt eller større fartøy. "Flyteutstyret skal plasserast lett tilgjengeleg". Barn under 30 kilo og personar som ikkje kan symje skal ha redningsvest under seilas.

Dette er ein ufråvikeleg regel og ombord i robåtar og mindre fartøy bør alle ha flytevest/redningsvest på seg heile tida. Båten er "under seilas" når ein har løyst fortøyningane.

KRAV TIL BÅTAR SOM KAN BRUKAST I UNDERVISNINGA.

Vanlege robåtar kan brukast fritt utan særlege krav. I denne samanhengen er det ein robåt når det ikkje er motor ombord. Sjå til at båten er i god stand og at alt utstyr er på plass før elevane går ombord. På typegodkjende båtar skal det finnast eit skilt som fortel kor mange personar som kan takast ombord.

Fritidsbåtar (motorbåtar)
Generelt gjeld at fartøy som i enkeltståande tilfelle blir stilt til disposisjon utan godtgjersle eller mot betaling for drivstoffutgifter, ikkje er sertifikatpliktige.
Ein må likevel sikre seg at fartøyet er i forsvarleg stand og utstyrt i samsvar med gjeldande reglar. Sjå til at der er redningsvestar/flytevestar til alle og at der ikkje er fleire ombord enn det båten er godkjend for. Dette er elles eigaren eller føraren sitt ansvar. Det må ikkje vere meir enn 12 passasjerar ombord!

Fartøy som blir brukte i næring og som krev betaling, står ansvarlege i høve Sjøfartsdirektoratet sine føresegner og gjeldande sjøfartslovgjeving. Det vil seie at dei må minst ha løyve til avgrensa passasjerbefordring. Då spørs det om «fiskebåten Trygg» har slikt løyve. Den som leiger eit fartøy har normalt ikkje noke ansvar for fartøyet eller passasjerane. Dersom skulen eig eitt eller fleire motordrivne fartøy, må ein ta kontakt med Skipskontrollen for å avklare krava til godkjenning.

SJØVETTREGLENE

  1. Bruk typegodkjent båt. Ta med nød vendig utstyr: Øsekar, årer,tollepinner, tau, dregg og lykt.
  2. Rett deg etter vær og værvarsel. Bruk båten bare i farvann som den passer for.
  3. Ha godkjent flytehjelp til alle ombord.
  4. Vis hensyn overfor andre og miljøet. Ta med pose for søppel.
  5. Vær uthvilt og edru når du fører båt.
  6. Si fra hvor du drar og hvor lenge du blir borte. Ta med kart og kompass.
  7. Sitt rolig i småbåter. Skal noen bytte plass, må bare en reise seg om gangen. Bruk fottøy med gummisåler.
  8. Ha rikelig brannslokkingsutstyr i båten. Lær å bruke det.
  9. Bli ved båten hvis den kantrer, og rop på hjelp.
  10. Følg sjøens trafikkregler, husk å vike i tide. Respekter
  11. fartsbegrensningene.
Åkerriksa hekkar i Steinsvika
Meld frå til MILJØKONTAKT om observasjolnar av fuglar som ikkje har hekka i området før - eller på lang tid!

Det blir ei spanande tid no når trekkfuglane kjem att og vi oppmodar alle skular om å ta seg tid til å notere seg tidspunkt for første observsjon av trekkfuglar i nærmiljøet. Miljøkontakt vil gjerne høyre om uvanlege observasjonar og la oss særleg få vete om åkerriksa er vanleg i dykkar skulekrins eller om ho skulle dukke opp no i vår. Send oss gjerne bilete av klassen, skulen eller miljøoppgåver som de arbeider med. Neste utgåve av Miljøkontakt kjem fyrst i juni så vi må ha brev og bilete/teikningar seinast 20 mai.

Kjell Arne Steinsvik, 6. klasse ved Steinsvik skule i Volda, fortel at dei såg Åkerriksa sist sommar, men reiret hadde diverre vorte øydelagt av forhaustaren.

Det er 10 år sidan sist Åkerriksa sist synte seg på desse kantar og no ventar vi i spaning på våren - vil ho prøve å hekke på nytt, seier Kjell Arne.
Elevane på Steinsvik skule i Volda vart kåra til «landets grønaste skule» i 1991 for arbeidet dei gjorde med å samle inn og nytte matavfall til mat for høner og ender som dei ala opp i egenprodusert hønsehus på skulen. Dette inspirerte til vidare miljøengasjement og ei glødande interesse for dyr og fuglar rundt indre delen av Dalsfjorden.

Åkerriksa er ca 27 cm lang. Kroppen er gulbrun med svarte ryggflekker. Hovud og halssider er blågrå. Ho har ein "knirkande" låt som blir oppattteken i det uendelege. Legg frå 8 til 12 egg i høg vegetasjon. Flyttfugl som overvintrar i Afrika.
Observasjonar av av det slaget som er vist ovanfor bør de rapportere til Miljøkontakt. Hugs på at vi gjerne tek mot meldingar på elektronisk post. Basen vår, VBBS, er open døgnet rundt, og dei som har modem kan legge inn opplysningar der på telefonnr 70076900. Elles har vi også internett, postadressa vår er Staale@av-sentralen.no.
Nørvasund skole:
Vi har fått miljøprisen
Klasse 6a på Nørvasund skole jubler over miljøprisen for beste undevisningsopplegg om miljø i Møre og Romsdal 1995

Vi har brukt mange timer på å lære hvordan vi skal ta vare på jorda og nærmiljøet vårt. Det er derfor vi komposterer, sier Maria, Trine og Kurt-Even. Vi har satt ei bøtte i hvert klasserom der elevene kan legge frukt og mat som de ikke spiser. Så tømmer vi bøttene deres en gang i uka, tar spon eller bark oppi bøtta og setter den inn på klasseromet deres igjen. Det er ca 400 personer på skolen vår så vi må ha 4 kompostbinger. Når en er full, bruker vi en annen. Da står den fulle til ettermodning i to måneder. Så skal innholdet legges i en kaldkompostbinge og etter to måneder til, er det blitt ferdig jord. Mange tror at kompostering er vanskeleig eller at de ikkje har tid til å drive med slikt, men det er ikke mye arbeid, bare man vet hva man skal gjøre, sier 6.klassingene ved Nørvasund skole.

Stine tømmer kompostbøtta fra klassen

Kristian, Ingrid og Anette har hentet tang som skal avsaltes og brukes til å dekke med.

Her er oppskrifta til Kirsti og Trine:

  1. Først må du skaffe deg en kompostbinge. De kan kjøpes på Bygg og Bo, Hellandsheimen, eller A-plast på Skøye. Du kan også lage en selv, oppskrift får du hos Hagelaget.
  2. Så klipper du greiner som er ca 10 - 20 cm lange. De greinene legger du i kompostbingen slik at det blir et lag som er 20 - 30 cm høyt.
  3. Ved første tømming bør du ha i 10 liter matavfall eller mer for da starter prosessen bedre.
  4. Du bør tømme i ca 1 gang i uken.
  5. Du må alltid huske å strø på matavfallet. Hvis ikke, begynner det å lukte og det kan begynne å mygle.
  6. Etter at kompostbingen er full, bør den stå 3 - 4 mnd. til ettermodning så kan du tømme den.
  7. Hvis du skal bruke kompostjorda til potteplanter må du blande den ut med like deler vanlig jord fordi den har for mye næring i seg slik at potteplanten dør.

Odd Øyvind, Pål og Eivind tømmer kompostbøtter i bingene


MILJØKONTAKT:
Miljøavis for Møre og Romsdal
Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
Adresse:Miljøskulen i Dalsfjord, 6133 LAUVSTAD
Telefon 70 05 50 64 / Telefax 70 05 50 52
E-post Staale@av-sentralen.no
Web-versjon: AV-sentralen, Roar Stokken