Årgang2, Nummer 2, juni 1996

Møre og Romsdal satsar stort på TV-aksjonen 96

"MILJØ FOR LIVET"

Skular og barnehagar blir inviterte til å delta på ein fylkesdekkande konferanse på Gjermundnes landbruksskule 19. og 20. september. Føler de at de verkeleg har fått til miljøprosjekt eller ein vellykka vri på miljøundervisninga, så ta kontakt med Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal!

Kortinformasjon frå statens utdanningskontor

Plan for miljøundervisning

Plan for miljøundervisning i Møre og Romsdal 1996 - 98 er no rullert og utsend til kommunane. Statens utdanningskontor/ fylkeskon-taktgruppa for miljøundervisning har valt å vidareføre denne planen. Dette har ein gjort sjølv om ressursane til miljøundervisningsfeltet i grunnskulen skal sjåast i samanheng med den samla løyvinga til grunnskulereformen.

Kystprogrammet 1996

Det er utsendt eige skriv om Kystprogrammet og frist for påmelding for deltaking i 1996 er sett til 20. juni. Også i år vil vi tilby kurs for deltakarar i programmet.

Kurset skal gjennomførast 5. og 6. september. Ein vil ta opp samanhengen mellom Kystprogrammet og L97 og den praktiske gjennomføringa første dag. Andre dag er ein fagdag med gjennomgang av fjøra som biotop.

Miljøundervisning, regional samling hausten 1996 i samband med TV-aksjoen "MILJØ FOR LIVET" Ynskje om deltaking frå barnehagar og skolar

19. og 20. september legg vi opp til ei større markering om miljø og Miljøundervisning på Gjermundnes landbruksskule. Målet med konferansen er å aktualisere nasjonale og regionale miljøspørsmål.

Samlinga går over to dagar, men det er første dag, den 19. september, som skal vektlegge miljø og miljøarbeid i vid tyding. Vi vil få foredrag av Dag Hareide, presentasjon av miljøundervisning i barnehage og skole og fokusering på det kommunale ansvaret for medverkand frå barn og unge når det gjeld planlegging og tilrettelegging i kommunane. I tillegg skal vi sjølvsagt ha mat og kulturinnslag.

Denne dagen er representantar frå skolar og miljøorganisasjonar velkomne til å delta. Andre dag er målgruppa primært utdanningsansvarlege og miljø-vernleiarar i kommunane. Nærare informasjon og påmeldingsskjema vil bli utsendt i august.

Fylkesmannen v/miljøvern-avdelinga, fylkeskommunen v/utdanningsavdelinga og Statens utdanningskontor i samarbeid med TV-aksjonen 1996 står ansvarlege for.

Vi vonar å få med representantar frå barnehage og skole som kan delta på denne samlinga. Skolane kan ta opp tema dei arbeider med uavhengig av TV-aksjonen i haust, eller dei kan legge fram om skolen/ barnehagen sitt engasjement innan årets aksjon.

Barnehagen/ skolen vel sjølv korleis presentasjonen skal vere, utstilling, framføring, foredrag eller anna. Vi ynskjer å fokusere på samarbeid om miljøspørsmål mellom skole og kommune. Vidare ynskjer vi å ha med ein representant frå dei tre nivåa barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring. På programskissa har vi sett av 1 1/2 time til denne delen. Barnehagar og skolar som kan tenkje seg å delta på Gjermundnes i september, kan ta kontakt med Statens utdanningskontor. Denne samlinga er omtalt i kurskatalogen frå Statens utdanningskontor som gjekk ut til skolar og kommunar i veke 23. Vidare vil “Miljøkontakt” kome med eit eige tema-nummer i august der arbeidet med TV-aksjonen og samlinga på Gjermundnes er hovudtema.

Statens utdanningskontor Ivar Vereide


Midlar til etterutdanning i miljølære 1996 og innbyding til deltaking i utviklingsarbeid

Det er utsendt informasjon til kommunane om tildeling av midlar til etterutdanning innan miljølære i 1996.
Kr 100 000,- er fordelt på 12 kommunar i fylket.

Statens utdanningskontor har og som ei oppfølgjing/vidareføring av denne tildelinga gått ut med innbyding til deltaking i eit utviklingsarbeid innan miljølære/natur og miljøfag.

Dei kommunane som har søkt om midlar for 1996, og har fått tildeling, kan delta med ein prosjektskole i perioden 1996 - 97. Skolane vil bli tildelt FOU-midlar og prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med Høgskulen i Volda og fagpersonar/ fagmiljø elles.

Søknadsfrist for kommunane er sett til 20. juni 1996.

Nokre liner frå Nordahl Grieg sitt dikt "Til ungdommen" gir uttrykk for TV-aksjonen 96 sine mål og visjonar:

Dette er løftet vårt, fra søster til bror,
vi vil bli gode mot menneskenes jord,
vi vil ta vare på skjønnheten, varmen,
som om vi bar et barn, varsomt på armen.


Denne utgåva av Miljøkontakt er eit informajonsark til barnehagar, skular og kommunar i samband med konferansen på Gjermundnes landbruksskule og TV-aksjonen til hausten. Vi vonar denne invitasjonen til å delta på konferansen fører til stor aktivitet på miljøfronten og ønskjer lykke til!
Diverre må vi utsetje presentasjonen av mykje godt stoff til neste ordinære utgåve og ynskjer dykk alle ein fin sommar og vel møtt til ein aktiv haust!Red.


MILJØKONTAKT:
Miljøavis for Møre og Romsdal
Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
Web-versjon: Roar Stokken, AV-sentralen
Adresse:Miljøskulen i Dalsfjord, 6133 LAUVSTAD
Telefon 70 05 50 64 / Telefax 70 05 50 52
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
E-post Staale@av-sentralen.no