Miljøavis for Møre og Romsdal

Årgang 4 Nummer 1 Februar 1998

 

I dette nummeret:

Katastrofal utvikling for dei nasjonale miljøprogramma

Deltakarstatistikken ved slutten av 1997 syner ein dramatisk nedgang i talet på aktive brukarar. Held denne utviklinga fram, vil det truleg bety slutten for VASSPROGRAMMET - allereie før det har begynt. Les meir


Grafen syner antal deltakande skular frå 1990 til 1997.


Vi har sett at deltakartalet i Møre og Romsdal har vore avtakande frå toppåret i 1993 då 61 skular sende inn utfylte skjema. I 1997 var talet nede i 10 og dette er faktisk det beste resultatet på landsbasis.
Vi har sett opp ein statistikk som syner landsgjennomsnittet og 4 av dei mest aktive fylka frå 1990 til og med 1997 og dette syner at utviklinga er den same for heile landet eller endå meir dramatisk enn for Møre og Romsdal.

Til toppen av sida


Ny fylkeskontakt for
VASSPROGRAMMET
FRÅ 1. AUGUST 1998

Harald B. Thunem ved Åheim skule i Vanylven tek over som fylkeskontakt for VASSPROGRAMMET, tidlegare kjent som kystprogrammet.

I tillegg tek han over som redaktør for MILJØKONTAKT.
26. - 28. november var Harald Bj. Thunem med på eit kurs ved Nasjonalt læremiddelsenter i Oslo der VASSPROGRAMMET vart presentert.
I tillegg fekk deltakarane presentert nettverket og øving i å nytte den elektroniske delen av nettverket som er oppbygd kring Vassprogrammet.
"Nettverk for Miljølære" er eit program som omfattar alle miljøprogramma: Vann, Land og By/Tettsted og er å finne på Internett
http://skolenettet.nls.no/miljø/

Etter som Harald er litt av ein "datafreak" vil de få all den hjelp de treng for å kome i gang på Internett, men alle som ønskjer å bruke skjema, kan gjere det, og sende dei til Harald Bj. Thunem, Åheim skule, 6146 ÅHEIM etter 1. august 1998.

Til toppen av sida

Matspalta:

Skjelsuppe med havsalat

Ei god suppe kan lagast av oppskoren havsalat og olbogeskjel som skal kokast 1/2 time.
Lag ei jamning av smør og havremjøl.
Ein kan også bruke andre tarearter, t.d. ei blanding av grisetang og vorteflik eller butare og krusflik. Ein kan også blande sjøsalat og søl.
Desse kombinasjonane gir variasjon smaken, og olbogeskjela gjer suppa til ein middagsrett.

Ei boks hermetiske blåskjel kan vere eit alternativ om du ikkje har tid til å sanke olbogeskjel.

Både landsgjennomsnittet og kurvene for 4 av dei mest aktive fylka syner klart og tydeleg at det ikkje beror på lokale svingingar, men eit landsomfattande fenomen.
Det må understrekast at diagrammet syner utviklinga for Kystprogrammet. Frå 1997 er det med under den samlande paraplyen VATN. Dette programmet inkluderer alle vassprogramma som sjøprogramma Kyst og HOVIS (Havovervåking og varsling i skulen) og ferskvassprogramma Bekkis og Vanda.

LIK TENDENS OVER HEILE LANDET
Ein kan undrast over kva som får skulane i landet til å reagere så unisont. Vi kan vel rekne med faktorar som sentral planlegging, læreplanar, tidsresursar, organisatoriske problem og prioriteringar.

INTERNASJONAL SATSING
Kystprogrammet og HOVIS var direkte resultat av ei internasjonal satsing på miljøvern. UNESCO (United Nations Educational Sientific and Cultural Organization) inviterte landa rundt Nordsjøen til å bli med på eit program der kvart land skulle utvikle eit nasjonalt miljøprogram som engasjerte barn og ungdom, dvs. skulen i kampen mot aukande ureining i sjø og vassdrag. "Gulrota" var samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingssentra som skulle bruke innsendt materiale i si forsking og gi løpande tilbakemelding til deltakarane. Dette var spanande og nytt for skulen. Læreplanen M-87 bygde vidare på desse ideane og det førte til eit praktfullt oppsving i skulane sitt miljøarbeid fyrst i 90- åra.

INGEN REAKSJON FRÅ FORSKINGSSIDA
Diverre synte det seg fort at det såkalla samarbeidet med forskinga vart ein einvegskommunikasjon. Skulane brukte mykje tid på feltarbeid og utfylling av skjema, men lite og inkje kom i retur og lærarane gjekk lei av heile greia.

MILJØPROGRAMMA ER VERDFULLT LÆRESTOFF
Mange såg likevel at både Kystprogrammet og HOVIS var godt undervisningsmateriell og eit ypparleg hjelpemiddel i høve M-87. Dermed plukka ein ut tema som passa inn i undervisninga og sløyfa meirarbeidet med innsendinga.

HAR DRUKNA I L-97
Så kom L-97. Mykje av innhaldet var kjent i lang tid før planen vart sett i verk. Kystprogrammet vart omarbeidd for å imøtekome den nye planen, og mange meinte at det reviderte Kystprogrammet var mest å sjå på som ein del av læreplanen. Diverre er det berre "nokre" som innser det. I alle høve er det mykje som kjem føre miljø og naturfag på prioriteringslista og så spørst det om VASSPROGRAMMET druknar før folk oppdagar kva som er i ferd med å skje.

Til toppen av sida

Noriges grunnlov af 1814:
"Enhver har Ret til et Mileu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsevne og Mangfold bevares"

VÅREN 1998 MÅ DET SATSAST PÅ VASSPROGRAMMET
Hausten 1997 var sur og kald og eigna seg lite til feltarbeid. Likevel kom det inn 10 sett frå skular rundt om i fylket. Dette er det beste resultatet i landet, men langt under 1996 då 31 skular deltok.

Som vi ser i artikkelen om "krisa" for miljøprogramma, har talet på innsende skjema gått dramatisk ned i 1997. Det er nok grunn til å tru at meirarbeid og prioriterte oppgåver i samband med innføringa av L-97 må ta ein del av skulda for dette resultatet.
Det ville sjølvsagt vere synd om det skulle bli L-97 som øydelegg for desse programma som er utvikla med tanke på den nye læreplanen.

Natur- og miljøfaga er ikkje inne på etterutdannings-planen før etter år 2000. Vi kan berre vone at vi kan halde det gåande til dess og inspirere kvarandre til å ta eit krafttak allereie no til våren.

VASSPROGRAMMET SOM TEMA- ELLER PROSJEKTARBEID
Ein kan altså velje mellom 4 tema:
-Arealplanlegging - som kan gå på skulen sitt nærområde, korleis utbyggingsplanar kan gripe inn i barn sine leikeområde eller endre bumiljøet med trafikkfarlege vegar eller andre inngrep i miljøet. Kva gjer vi for å kome til orde i rett tid osv.

Naturen sitt mangfald, Eit tema som går rett inn i Miljø- og naturfaget der eitt av hovudemna er Mangfaldet i naturen. Dette er eit gjennomgåande tema i L97 alle 10 åra.

Berekraftig produksjon og forbruk er eit anna gjennomgåande tema.

Kulturminne er det 4. emnet som Vassprogrammet har med i tilbodet.

Det er altså ikkje noko krav at ein held til nær sjøen eller vassdrag for å delta i Vassprogrammet.

Til toppen av sida

UNIVERSITETET I BERGEN
HAR OVERTEKE DET VITSKAPLEGE ANSVARET FOR MILJØPROGRAMMA

Dei har lova å legge seg skikkeleg i selen for å følgje opp sin del av avtalen og gi deltakarane skikkeleg tilbakemelding og syte føre at innsamla materiale blir brukt slik det var tenkt.

La oss gi UiB ein sjanse!
Legg opp til eit tema- eller prosjektarbeid der de vel ut eit stort eller lite arbeidsfelt og sender inn skjema, anten til fylkeskontakten på vanleg papir eller bruker Internett og legg inn resultata direkte.
Slå opp på adresse
http://skolenettet.nls.no/miljø for å få meir informasjon og http://vann.zoo.uib.no når du skal sende inn resultata.

Det er verd eit forsøk!

Opplæringen må fremme glede over fysisk aktivitet og naturens storhet,

Opplæringen må fremme glede over fysisk aktivitet og naturens storhet
Møre og Romsdal får elektronisk møteplass for miljølære.

I eit samarbeid mellom Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal, fylkeskontakten for Vatn og AV-sentralen i Volda, er det sett i gang arbeid med å få på nettet ei "heimeside" for miljølære i Møre og Romsdal.
Hordaland og Sogn og Fjordane (
http://vann.ifm.uib.no/fylker/sf) har allereie lagt ut sine sider i samarbeid med Universitetet i Bergen, og no vil Møre og Romsdal følgje etter som det 3. fylket med heimeside innan miljøvern.

Det vil bli lagt inn ein presentasjon og brukar-rettleiing samt "linkar" til interesserte samarbeidspartar som t.d. skular, kommunale institusjonar, Fylkesmannen si miljøvernavdeling, elektroniske samarbeidsorgan for dei kommunale miljørett-leiarane, Miljøkontakt osv.

Det blir eigen informasjonsside frå Statens utdanningskontor og diskusjonsgruppe/forum.
hjelpemiddel innan miljø- og naturfag og vi tek gjerne imot tips. Ring Miljøkontakt - telefon 70 05 50 64


"TARETITTAREN" FLYTTER TIL HERØY

Etter at Miljøskulen i Dalsfjord måtte gi opp drifta, er det inngått avtale med Herøy Kystcamp om kjøp av fartøyet.

"Spectator UVS-01" er det offisielle namnet på Taretittaren. Frå dekket kan ein gå ned ei tropp til ein kabin med 6 sitjeplassar der ein ser rett ut i sjøen gjennom 5 store glas. Det er rett og slett ei utruleg oppleving å kunne sitte trygt og tørt og studere livet i sjøen rundt seg. Sjølv om det ofte er dårleg sikt i sjøen om sommaren, får ein oppleve ei fargeprakt og eit dyreliv som minner om korallreva i tropiske farvatn.

Det er som å gå på besøk til Krabbekrølle i Taremareby når Taretittaren sig sakte fram langs fjøra.


Taretittaren har også hatt fleire oppdrag for politiet i samband med undervassøk på grunne farvatn.
Når sjøen er rimeleg klår, kan ein søke over relativt store område på kort tid.

Vi vonar likevel at det meste av tida vil gå med til å syne turistar ei side av Sunnmøre som dei færraste er dus med og at barn og ungdom kan få ein lærerik tur under havflata.

Til topps

MILJØKONTAKT:
Miljøavis for Møre og Romsdal
Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
Ny adresse: Åheim skule, 6146 ÅHEIM
Ny redaktør:
Harald Bj. Thunem
E-post
Staale@av-sentralen.no
Nettversjon: Helge Standal,
AV-sentralen