
|
- Aksjonsleiar Bjørseth er sikker i si sak |
|
Heile 128 barnehagar og grunnskular i vårt fylke har bestilt TV-aksjonen sitt materiell til miljøundervisning. Alle vidaregåande skular har fått materiellet utan å bestille det slik at det ligg til rette for ei storsatsing på dette feltet no i haust.
Det er oppretta ei samarbeidsgruppe som skal inspirere til innsats og samordne aktiviteten ikkje berre på skuleplanet, men også mellom skule, næringsliv og offentleg forvalting. Møre og Romsdal har fått sitt eige "fylkesprosjekt" som vender seg særleg til næringslivet i utvida meining: LA NATUREN GÅ I ARV. I hovudsak går prosjektet ut på å la den naturen vi har, gå i arv til til komande generasjonar i like god- eller betre stand enn vi overtok han. Prosjektet skal syne at lokal handling - gjennom TV-aksjonen - skaffar midlar til globale prosjekt som i sin tur vil verke positivt på vårt nærmiljø. |
Samarbeidsprosjektet mellom Statens utdanningskontor og Miljøvernavdelinga på fylkesplan i Møre og Romsdal er eit sentralt organ i TV-aksjonen. Tverretatleg samarbeid er eit nøkkelord for at det skal kunne leggast planar for det neste århundret i tråd med avtalane som ligg i Agenda 21 - eit resultat av Rio-konferansen og som pålegg oss alle eit ansvar.
TV-aksjonen MILJØ FOR LIVET er ikkje ein vanleg naudhjelpaksjon, men meir ei synleggjering av kjeldene til miljøproblema og eit høve til GJERE NOKE NO! Vi er med på å setje inn ressursar der det trengs for at vi skal kunne LA NATUREN GÅ I ARV. TV-AKSJONEN 96 I MØRE OG ROMSDAL satsar for fullt på at skular og barnehagar tek eit krafttak fram mot TV-aksjonen 96 slik at MØRE OG ROMSDAL BLIR BEST! La slagordet "Lær dine barn at jorda er vår mor" bli til "Lær dine foreldre at jorda er vår mor"! |
Vi viser til tidlegare informasjon om samarbeid mellom Fylkesmannen v/Miljøvernavdelinga, Statens utdanningskontor og TV-aksjonen i Møre og Romsdal.
Som de kjenner til er temaet for aksjonen i år naturen og det felles livsgrunnlaget vårt. Aksjonsdagen er 20. oktober.
Alle skolar og barnehagar skal ha motteke tilbod om materiell i samband med TV- aksjonen, og mange har bestilt materiellet som er gratis. Dei vidaregåande skolane får tilsendt materialet utan bestilling.
19. og 20. september vil Miljøvernavdelinga, Statens utdanningskontor, Utdanningsavdelinga i fylket og TV-aksjonen gjennomføre ei samling på Gjermundnes lanbruksskole. Samlinga er lagt opp slik at første dag skal vere ei brei fokusering på miljø/miljøspørsmål både i nasjonal og lokal samanheng.
Denne første dagen ynskjer vi også få med skolar og barnehagar som kan presentere noko av sitt arbeid/engasjement innan miljø/miljøundervisning. Nærare informasjon om samlinga vil kome i neste nummer av Miljøkontakt som kjem ut i veke 36, sjå elles kurskatalogen frå Statens utdanningskontor for hausten 1996 side 21.
|
Formålet med samarbeidet frå Miljøvernavdelinga og Statens utdanningskontor si side, er ynskjet om å bruke denne aksjonen som eit utgangspunkt for vektlegging av miljødimensjonen i opplæringa. Det er opp til kommunane å avgjere skolane sitt engasjement i sjølve TV-aksjonen.
Vi utfordrar såleis skolane og barnehagane til å markere aksjonen med eigne arrangement eventuelt i samarbeid med dei lokale kommunekommiteane der miljø og miljøundervisning er tema. Ein ide kan vere å plante eit tuntre som ei påminning om dette viktige holdningsskapande arbeidet.
For dei skolane og barnehagane som ynskjer materialet, og som ikkje har fått høve til å betille det, legg vi ved ein kopi av bestillingsarket.
Vi ynskjer lukke til med arbeidet.
Per Fredrik Brun, Miljøvernavdelinga |
|
Å se jordkloden slik vi nå kan se den, |
|
MEIS-programmet Eit nasjonalt miljøprogram for å heve kompetansen på miljøundervisninga knytta til temaene miljø, energi, inneklima og helse. MEIS-programmet vart utvikla i åra 1990 - 95 som eit av dei nasjonale miljøovervakingsprogram som KUF har initiert, og som tilbys skulane. Etter at utviklingsfasa var over, vart ansvaret for vidareføring av programmet lagt til Nasjonalt Læremiddelsenter. Kva er MEIS? EIS er eit undervisningsprogram der elevane overvakar energibruken og inneklimaet på skulen. Gjennom dette arbeidet vil elevane få innsikt i
Det er utvikla læremateriale med bakgrunnstoff og undervisningsidear til dei ulike emna. Læremateriala er ikkje ferdiglaga for eit bestemt klassesteg - det må skulen sjølv gjere. Det er likevel så konkret at læraren lett kan tilpasse det for klassa eller gruppa si. Dersom elevane følgjer målemetodane, vil måleresultata ha høg nok kvalitet til at dei kan brukast av dei instansane som har ansvar for at inneklimaet på skulane tilfredstiller krava som styesmaktene har sett gjennom lover og forskrifter. Grunnboka er ein ringperm som gir grundig bakgrunnstoff for læraren. Undervisningsmappene inneheld bakgrunnstoff, idear, målemetodar og konkrete forslag til undervisningsopplegg. Førebels inneheld undervisningsmappene desse undervisningsarka: "Energibruk ved dusjing", "Varmepumper", "CO2 i inneluft", "Temperatur", "Radon", "Spørreundersøkelse", "Energioppfølging", "Lysmåling" og "Godt reinhald". Fleire ark kjem etter kvart. Undervisningsmappene får ein kjøpt hos Nasjonalt Læremiddelsenter og kostar til saman 1000 kr. Eit sett er nok til kvar skule. |
| ||
|
Kvifor MEIS?
Dårleg inneklima kan føre til tapt læring, til redusert trivsel og livskvalitet og - imange tilfelle - til redusert helse.
Mange skular har dårleg inneklima sjølv om dei har kostbare anlegg for ventilasjon og oppvarming. Årsakene til dette kan vere mange. Ein reknar med at årsakene til så mykje som 80 % av inneklimaplagene er banale og enkle å påvise og billige å rette opp. Inneklimaet og energibruken i dei fleste skulane er ikkje tilfredstillande i dag. Prosessen ein må igjennom for å bedre inneklimaet og få til ein effektiv energibruk vert gjerne kalla "skulens enøk- og inneklimaprosess". Sentralt i denne prosessen er dokumentasjon av tilstanden både før og etter at eventuelle tiltak er gjennomført. Internkontroll av HMS skal sikre at retningslinene i regelverka vert etterlevd. Her vil det også vere snakk om dokumentasjon. Gjennom MEIS-aktivitetar kan elevane utføre denne dokumentasjonen. |
![]() Å skaffe nok nyttbar energi er mange stadar på jorda ei av dei største utfordringane. Å lære om energi og korleis ein skal nytte den effektivt, er derfor heilt sentralt i all miljøundervisning. Her legg ein grunnlag for skulens bidrag til ein berekraftig energibruk, ein av dei nødvendige føresetnadene for ei berekraftig samfunnsutvikling. Korleis bruke MEIS ? MEIS-emna står alt i læreplanane og kjem difor ikkje i tillegg til alt anna som elevane skal gjennom. Arbeider med MEIS vil derimot utdjupe og styrke desse emna. I grunnskulen høver MEIS best i O-fag, naturfag og matematikk frå 4. til 9. klasse. I den vidaregåande skulen er det utarbeidd metodiske rettleiingar både i naturfag og miljølære. Her er det vist korleis MEIS-aktivitetar kan brukast for å styrke og utdjupe fleire moment i læreplanane, både i naturfag og studieretningsfag. MEIS-emne høver godt som emne for prosjektarbeid - særleg tverrfaglege. MEIS i Møre og Romsdal Møre og Romsdal var eit av fylka som var med i utviklingsfasa for MEIS. Vi har i denne perioda samla erfaring frå skular som var med, og vi har oppretta gode samarbeidsliner til energiverk og helseteneste i fylket. Desse har vore med på MEIS-kurs og kan vere samarbeidspartnarar for skular som ynskjer det. I år kom også Arbeidstilsynet formelt med i MEIS-prosjektet. Målsettinga er at alle skular skal nytte MEIS-aktivitetar i miljøundervisninga, gjerne saman med andre miljøprogram. Ta kontakt Skular som vil vite meir om MEIS-prosjektet kan ta kontakt med fylkeskontakt for M&R - Ove Hansen 6210 Valldal tlf: 70 25 75 24 (A) eller 70 25 79 60 (P) | ||
Miljøkonferansen på Gjermundnes19. og 20. september er Møre og Romsdal si oppkøyring fram mot TV-aksjonen den 20. oktober.Komiteen legg opp til ei samling som er prega av solid fagleg kompetanse der, mellom andre, Dag Hareide vil setje sitt preg på torsdagen. Det er også plass til kulturelle innslag og personalet ved Gjermundnes landbruksskule har lagt til rette for allsidig aktivitet i området rundt skulen utover kvelden. Vi vil atter ein gong nemne presentasjonen av aktivitetar ved skular og barnehagar frå klokka 14. |
VI HAR PLASS TIL MANGE FLEIRE MILJØPROSJEKT PÅ AKSJONSUTSTILLINGA DEN 19. OG 20. SEPTEMBER!
Det treng ikkje vere store og flotte prosjekt. Har de planta eit tre, laga eit hefte eller ein song som hadlar om miljøet vårt eller andre små eller store prosjekt, må vi få høyre om det! Ta bilete, syng inn på band eller lag ein plakat. Alt som er med på å syne miljøaktivitet på skulen din eller i barnehagen, er velkome. Kva med den vidargåande skulen - har de noke på gang så la oss høyre frå dykk!
Ta kontakt med Telefon 71 21 60 61
Eller Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal |
Programskisse for miljøkonferanse 19. og 20. september på Gjermundnes landbruksskole
TORSDAG 19. SEPTEMBER.
1000 FRAMMØTE
1030 OPNING
1100 FAGLEG HOVUDTEMA VED DAG HAREIDE:
LOKALT ARBEID MED MILJØSPØRSMÅL I
KOMMUNE OG OPPLÆRING
DEN EINSKILDE SITT ANSVAR OG
SAMARBEID HEIM-SKOLE
VERDIAR OG HOLDNINGAR SETT INN I
EIN MELLOMMENNESKELGE SAMAN HENG
1300 MAT
1400-1530 PRESENTASJON FRÅ SKOLAR/BARNEHAGAR
1530 PAUSE, KAFFE
1600-1700 LOKAL AGENDA 21
UTFORDRINGAR FRAMOVER
1800 MIDDAG
1900 AKTIVITET I REGI AV GJERMUNDNES
LANDBRUKSSKOLE
FREDAG 20. SEPTEMBER.
0900 OPNING
0915-1015 MILJØSTATUS I MØRE OG ROMSDAL
V/MILJØVERNAVDELINGA
1030-1130 EIN KOMMUNE PRESENTERER SITT ARBEID
1130-1200 PAUSE,KAFFE
1200-1500 SKOLEN SOM RESSURS I DET LOKALE
MILJØARBEIDET, ERFARINGSUTVEKSLING
1500 LUNSJ
|
|
MILJØKONTAKT: Miljøavis for Møre og Romsdal Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord |
Adresse:Miljøskulen i Dalsfjord, 6133 LAUVSTAD Telefon 70 05 50 64 / Telefax 70 05 50 52 E-post Staale@av-sentralen.no Web-versjon: AV-sentralen, Roar Stokken |