Årgang3, Nummer 4, november 1997

Fylkeskontakten i Møre og Romsdal har registrert
RELATIVT LITEN AKTIVITET I KYSTPROGRAMMET DENNE HAUSTEN
Det kan kaldt og surt vér ha skulda for laber deltaking så langt i år. Fristen for innsending er 1. november dersom ein skal kome med i den årlege utgåva av Kystovervåkeren.

Det kan vere freistande å utsetje feltarbeidet til våren etter som nedbør, temperatur og vind har gjort det lite hyggeleg å setje i gang no på seinhausten. Det er sjølvsagt ingen ting i vegen for å legge feltarbeidet til våren. På mange måtar kan det blir ei fin oppleving å kome ut og oppleve korleis livet vaknar etter ein lang vinter. Seinhausten er ei vakker årstid, men både dyrelivet og planter ber preg av at det går mot vinter.

Somme meiner at dyr og fuglar ikkje må uroast om våren når hekkinga tek til og dyra har ungar i området. Men både barn og vaksne vil nok ferdast der i alle fall og det er eit fin høve til å lære elevane å ta omsyn til dette. Ta med Einar Skjæraasen si vare åtvaring i diktet “Du skal itte trø i graset” og la oss oppleve våren i fjøra!

Lykke til.

Du ska itte røre reiret,
reiret er e lita seng.
Over tynne bån brer erla ut
sin vare, varme veng.

NY FYLKESKONTAKT FOR KYSTPROGRAMMET
Frå hausten 1998 skal det engasjerast ny fylkeskontakt for Møre og Romsdal. Fylkeskontakten har også vore redaktør for avisa "Miljøkontakt".

Noverande fylkeskontakt for Kystprogrammet, Sverre Lillestøl ved Dalsfjord skule i Volda, har sagt frå at han ønskjer avløysing både som fylkeskontakt og redaktør for avisa "Miljøkontakt".

Vi er inne i ein periode med omlegging av dei nasjonale miljøprogramma Kyst, HOVIS, Bekkis og Vanda til eit "altomfattande" vassprogram som rett og slett heiter "VATN". Det har vore skrive ein del om dette i tidlegare utgåver av "Miljøkontakt" og det vil kome meir.

Det er ikkje i protest eller misnøye med nyordninga at eg ønskjer avløysing, men fordi det er naturleg å la nye krefter kome med i utviklinga av dette programmet frå starten av, seier redaktøren.

Møre og Romsdal er eitt av dei mest aktive fylka i landet i å bruke dei nasjonale miljøprogramma i undervisninga og vi reknar også med at nyordninga vil gjere det lettare å velje ut tilpassa opplegg for alle skular anten dei ligg ved sjøen, vassdrag eller ein bekk.


Dag Hareide:
NaturligVis
- Håndbok for en miljøvennlig hverdag
(Gyldendal - Miljøheimevernet)

- Dette er ikke en bok som bare kan leses. Boka handler om å handle. Den er inndelt i seks kapitler som tilsvarer seks arbeidsområder: 1) Avfall, 2) Energi i huset, 3) «Ville naboer», 4) Reiser, 5) Innkjøp og 6) Arbeidsplassen og samfunnet.

Hvert kapittel avsluttes med en liste over tiltak. Disse oppsummerer det praktiske innholdet i kapitlene. Her er det satt av plass til å sette ett kryss for det vi bestemmer oss for å gjøre, og ett for det vi har gjort. Noen har allerede gjort en god del. Da kan vi jo lene oss tilbake i sofaen og skryte litt.

(Henta frå boka som ligg føre på bokmål)

Litteratur

Sjøen og fjøra er nye arbeidsfelt for mange skular og vi leitar etter hjelpebøker som kan gi kunnskap og idéar når vi skal legge opp programmet eller svare når spørsmåla hopar seg opp under og etter feltarbeidet. Vi tek ikkje med utkomne lærebøker i denne runden, men ser ikkje bort frå at vi kan ta med "bokmeldingar" av nye og eldre lærebøker på dette feltet seinare.

Illustrert algeflora av Per Arvid Åsen
Er ei nyttig bok for dei som vil bruke fjøra som arbeidsfelt. Utdrag frå føreorda: ".. hovedhensikten med denne boka er å få en kortfattet og grei framstilling over de vanligste havalgene i Norge . . . har jeg omtalt i alt 114 forskjellige arter og 105 av disse er illustrert. . . . I 1978 ble det nedsatt en komité av Norsk Botanisk Forening som skulle utarbeide forslag til norske navn på alger . . og disse er fulgt i denne boka.

Illustrert algeflora kan bestillast frå Pensumtjeneste, Postboks 2914 Tøyen, 0608 Oslo - Telefon 22 57 88 88. Pris: ca 80 kroner + kostnader

LIVET I FJÆRA av Kirsten Bergan
er komen i ny, revidert utgåve, utgjeven som Cappelens felthåndbøker. Grei og godt illustrert bok som er svært nyttig.

Tang og tare på Tungenes av Sverre Bakkevig.
Dette er ei "annaleis" bok om vokstrane i fjøra der fagstoffet blir godt illustrert av teikningar og fine fargefoto. I tillegg får vi oppskrifter på spanande rettar frå "havets grønnsakhage". Ein får kjøpt boka ved å vende seg til Randaberg kommune, kulturkontoret, 4070 Randaberg eller på telefon 51 41 41 00.

KPT-Naturfag AS, Kristiansund
gir ut eigen katalog som omfattar både utstyr og andre hjelpemiddel, t.d. arbeidsdukar i plast med systmatisk oversyn over dyr og algar. Det høyrer med ein "mininøkkel" som gjer at feltarbeidet blir enklare. Adresse til KPT-Naturfag er Bedriftsvegen 10, Postboks 2213 - Kristiansund N Telefon 71 58 38 66

Det finst sjølvsagt ei mengde interessant stoff og gode hjelpemiddel innan miljø- og naturfag og vi tek gjerne imot tips. Ring Miljøkontakt - telefon 70 05 50 64


Snadder frå havet
Det kan hentast mykje god mat frå “grønsakhagen” i fjøra. Denne oppskrifta finn vi i boka Tang og tare på Tungeneset

I dag skal vi prøve vanleg Fjørehinne. Vær nøye med å finne ein stad med friskt vatn. Sterk vekst av tarmgrønske eller sjøsalat kan vere teikn på at sjøen er ureina. Ingen av tang og tareartane våre er giftige i seg sjølve, men vi bør sanke dei i frisk og rein sjø.

Fjørehinna veks gjerne på reinskura sva ut mot havet. Vanleg fjørehinne ser vi lettast ved fjøre sjø. Då kan fjellet vere kledd med samanfolda, hinnetynne algar som fell saman og tørkar når sjøen fell. Dei kan minne om tynn plastfolie med fargar som skifter mellom raudfiolett til raudbrun. Vanleg fjørehinne er mellom 5 og 15 cm i diameter og bladet er festa til eit sentralt punkt.

Fjørehinne vert kalla "laver" eller "purpel laver" på engelsk, og blir brukt i det kjende "Welsh laver bread":

Hakk fjørehinna på same måte som grasløk og kok henne i nokre minutt (maks. 10 min.). Mal opp den møyre alga, bland med havremjøl til konsistensen blir passeleg til å forme kaker. Steik dei i baconfett i steikepanne, oftast brukt som frukostrett.

I Skottland og Irland kokar ein fjørehinne med eddik eller sitronsaft til ein saus som dei brukar på kjøtrettar.

Vanleg fjørehinne
Illustrasjon henta frå “Tang og tare på Tungeneset” Vanleg fjærehinne ser vi lettast ved fjøre sjø. Då kan fjellet vere dekka av sammenfolda, hinnetynne alger som kan minne om raudfiolett eller raudbrun plastfolie. Dei er frå 5 til 15 cm i diameter.

Miljøtips
Avfall er alltid eit problem. Av og til kan avfall vere ein ressurs dersom vi finn rette måten å nytte det på. Gode idéar kan vere med på å løyse eller redusere miljøproblem. Skriv eller ring til Miljøkontakt!

GAMLE BILDEKK
Utslitne og øydelagde bildekk haugar seg opp utanfor bensinstasjonar og dekkverkstadar og skapar både plass- og avtaksproblem. Dersom du spør om du kan få køyre vekk nokre lass, er svaret ofte, - berre forsyn deg! Slike dekk er ypperleg isolasjon og drenering rundet husmurar under jorda. Reis dei opp i ståande stilling attåt grunnmursplasten, 2 - 3 lag eller meir. Dekka fordeler jordtrykket mot muren og skaper eit luftrom som isolerer godt. Dekk dekka med plast og fyll opp siste halvmeteren med singel og stein.

INFORMASJON FRÅ
NASJONALT
LÆREMIDDELSENTER

Til brukarane av Kystprogrammet og HOVIS

Det blir inga endring av registreringsskjema for Kystprogrammet og HOVIS. På den «elektroniske møteplassen» blir det lagt ut fortløpande informasjon om det nye nettverket for miljølære og du finn han på adresse http://skolenettet.nls.no/miljø

«Vassdelen» av nettverket har eigne internettsider, der finn du også databasen. Det er lagt inn innlesingsprogram basert på skjemaene frå Kystprogrammet, slik at data kan sendast via internett. Adressa til dette bruk er http://vann.zoo.uib.no. Registreringsskjema med rettleiing er utvikla for ferskvatn og det nye skjemaet er lagt ut på Internett på same adressa.

Frå no av blir det felles registreringar av skular/deltakarar i nettverket. Nye påmeldingar, registrering av blokk (Kyst) og operatør (HOVIS) samt innføring av data i databasen skjer hos: Vannprogrammet, Zoologisk institutt, Universitetet i Bergen, Allégaten 41, 5007 BERGEN. Telefon 55 58 22 27. E-post: vann@zoo.uib.no

Påmelding kan altså skje over Internettsidene eller som før, til fylkeskontakten.

Skular som allereie har delteke i Kystprogrammet/HOVIS treng ikkje sende ny påmelding. Dei sender inn skjema/registreringar som følgjer:

For at innsamla data for i år skal kome med i Kystovervåkeren, må skjemaene vere inne til 01.11.97. Skjema for våren 97 blir også tekne med i denne oversikta.

Dei skulane som ønskjer å sende inn resultata på papir, sender skjemaene som vanleg til fylkeskontakten for Kystprogrammet i sitt fylke. Dei skulane som har høve til det, bør bruke dei elektroniske skjemaene på Internettadressa http:// vann.zoo.uib. no

For å få tilgang til innlesingsprogrammet trengs brukarid og passord. Desse er førebels felles for alle deltakarane, og er:
Brukarid.: vatn
Passord: 1997

MILJØKONTAKT:
Miljøavis for Møre og Romsdal
Ansvarleg: Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
Web-versjon: Roar Stokken, AV-sentralen
Adresse:Miljøskulen i Dalsfjord, 6133 LAUVSTAD
Telefon 70 05 50 64 / Telefax 70 05 50 52
Redaktør: Sverre Lillestøl, Miljøskulen i Dalsfjord
E-post Staale@av-sentralen.no