Årgang 4 |
I dette nummeret: |
Nytt
inspirasjonskurs i VANN! Statens Utdanningskontor i Møre og Romsdal inviterer til samling på Knausen Hotel den 24.9! |
| Vi inviterer særleg rektorane til
dette kurset, seier Ivar Vereide ved Statens utdanningskontor. - Miljørettleiarane og
andre interesserte lærarar er sjølvsagt velkomne men vi veit at samarbeidet med rektor
er avgjerande for eit godt resultat - her som elles - og difor inviterer vi særleg
rektor! I tillegg til informasjon om Nettverk for miljølære, har vi sett UTESKULEN på dagsurdenen på dette kurset. Det har lykkast oss å få hit Helga J. Rudaa som er leiar for Brukerkomiteen i Norsk leirskoleforening. Dette er også eit svært interessant arbeidsfelt - seier kursansvarleg, Ivar Vereide. |
Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal sender i desse dagar
ut invitasjon til skular i fylket som er interesserte i å nytte dei nye miljø-programma
i undervisninga. Det velkjende Kystprogrammet er avløyst av VANNPROGRAMMET som har teke opp i seg Kystprogrammet, HOVIS, Vanda og Bekkis. VANNPROGRAMMET er ein del av eit nettverk for miljølære. I tillegg til VANN tilbyr nettverket opplegg for Land, By/tettstad. Nasjoanlt læremiddelsenter i Oslo har stått føre utviklinga av Nettverk for miljølære i nært samarbeid med Universitetet i Bergen. Olaug Vetti Kvam ved UIB har spela ei sentral rolle i dette utviklingsarbeidet og kjem til kurset med med siste nytt!
|
er ikkje berre sjø og livet i fjøra NETTVERK FOR MILJØLÆRE DEKKJER TRE AKTUELLE FELT: Vann, Land
og By/tettstad
Kulturminne og
kulturmiljø |
Arbeidet med NETTVERK FOR MILJØLÆRE starta med VANN.
Det var lettast å kome i gang med dette då det byggjer på det nyreviderte
Kyst-programmet.
Finn eventyr, sagn og forteljingar med tema frå vatn og sjø Utforsk ruiner og bergkunst Kartlegg spor etter jakt, fangst og fiske Kartlegg busetjing og vassforsyning før og no Frå kvernkall til turbin Frå fiskehjell til filetfabrikk Vassvegar. Kartlegg spor etter bruk av vatn til transport og samferdsel Kartlegg spor etter gardsdrift eller busetnad Lag ein plan for vern av eit kulturminne Dokumenter eit kulturminne med foto eller video Dokumenter eit kulturminne med modellbygging Inviter til historisk vandring. Desse oppgåvene og anna informasjon finn vi også om vi bruker Internett og slår opp
på Her finn vi ei mengde
stoff som kan brukast i prosjekt- og temaarbeid på alle aktuelle plan i grunnskulen.
|
| Kystkultur
på ein annan måte! LEIKESTEMNE I IGLANDSVIK i Bremanger 1. og 2. juli 1989
Han får ikkje nok av å
hjelpe elevane sine med å snikre leikebåtar. Rett som det er står det ein
ny modell av ein eller annan kjend fiskebåt frå Bremanger oppe i stova, og der kan
dei saktens stå for dei er mest som prydgjenstandar. Men det er ikkje
oppe i stova båtane skal vere. Dei skal på sjøen. Folk møtte
fram. Det har vel aldri vore så mykje folk i Igalnds-fjøra.
Karane bretta opp buksene og vassa utetter grunna med båtane i ei snor etter
seg. Dei vaksne vart ungar i lag med ungane. Jentene flokka seg kring mødre,
tanter og bestemødre som hadde leita fram dukkene frå deira barndom. Det vart
dukkestell og nuppestein, paradis og ballspel.Til og med halvvaksne gutar og jenter blanda seg i leiken endå dei eigentleg var alt for vaksne til slikt.
|
Leiken gjekk livleg i Iglandsvikja denne helga.Det var lite å sjå til den såkalla generasjonskløfta |
Møre og Romsdal
har fått si eiga miljøside på internett:På denne sida finn du mykje viktig informasjon. Her er lenker til andre
viktige miljøsider, både norske og utanlandske. Her er undervisningsopplegg, og sida er
kopla til diskusjonsgruppa om miljøundervisning hos NLS. Vannprogrammet sine sider har
også lenker hit. Det er AV-sentralen i Volda som har ansvaret for
tilrettelegging av nettsidene. |
![]() |
| Ny adresse: Åheim skule, 6146 ÅHEIM Ny redaktør: Harald Bj. Thunem E-post post@av-sentralen.no Nettversjon: Helge Standal, AV-sentralen AS |