Årgang
4 |
![]() I dette nummeret:
Til
høgre: "HAR DU SETT" |
| Under open
himmel Med dette nummeret av Miljø-Kontakt, er eit lite brigde eit faktum. Avisa har fått ny redaktør. Og det første underteikna vil gjere er å takke Sverre Lillestøl som starta denne avisa for fire år sidan, og har dreve henne heilt fram til no. Sverre held fram som lærar i full stilling ved Dalsfjord skule enno nokre år. Sverre er mannen bak Miljøskulen, Taretittaren og mange fleire spennande prosjekt. Så kreativ og oppfinnsom som denne kroppen er, har han truleg alt nye ting på gong. Vi får sjå. Takk for insatsen, Sverre. I fleire år har Nettverk for Miljølære vore annonsert. Kva som har gått gale har ikkje MiljøKontakt tilstrekkeleg innsikt i. Men noko alvorleg må det vere. Til no har Fellespermen kome både i trykt utgåve og som IT-versjon. Men denne er lite verdt når ein ikkje har resten. Vann-permen har enno ikkje kome som trykt utgåve. Kun IT-versjonen er på plass. Land-programmet og By/tettstad-pr ogrammet har enno ikkje kome i nokon versjon. Ei spade er ei spade -og dette er ei skandale - i regi av Nasjonalt læremiddelsenter. Den store hop av norske lærarar byrjar å bli godt middelaldrande. Den beste kompetansen er korkje på IT-fronten , eller innafor Natur-Miljøfaget. Vi trur at den manglande trykte utgå ve av Vann-permen er den viktigaste forklar-inga til at mange skular og lærarar har vorte usikre, og gradvis hoppa av lasset. Det som skulle vere ei storsatsing på Miljø i alle fasongar, har så langt hatt motsatt effekt. Men det er ingen grunn til å gje opp. Litt forvirring og styr må ein rekne med ved innføring av ein ny læreplan -L97. Dette vil gå seg til. Gradvis vil skulefolk oppdage og erfare kor jordnært og fint det nye Natur-og Miljøfaget har vorte. Og gradvis vil vi venne oss til desse IT-hieroglyfane, slik at vi om nokre år legg inn data, og hentar data frå nettet like naturleg som vi i dag brukar kopimaskin eller telefonkatalogen. Vi trur den store utfordringa vår ikkje blir IT eller manglande materiell, - men det blir å venje oss sjølve, elevane og foreldra til at den beste læring skjer under open himmel! |
Norge på topp i soppI Nordisk Statistisk årbok 1998 kan ein finne mykje interessant: Heile 191 ulike fiskeartar lever i norske farvatn, og ingen av dei er pr i dag truga. I Danmark finst det til samanlikning berre 38 fiskeartar i havet, og 19 av desse er truga. (Har skulen din oversikt over fiskane i heime-fjorden ?) Soppen skal vi heller ikkje gløyme. I Norge er det rundt 6.000 soppartar. Ingen av våre nordiske naboar har eit så rikt soppliv. Men vi kan ikkje berre skryte. Norge slepp ut mest flyktige organiske løysemidlar pr person. |
| Omstillingsprosessen er i gong Telefonintervju med Olaug Vetti Kvam, Vannprogrammet, Universitetet i Bergen - Hallo Olaug! Korleis er stoda? - Jau, takk, travelt, men elles berre bra! - Er det mange som har lagt inn Vann-program-data i det siste? - Eg har ikkje sjekka på ei stund no, men intrykket er at det framleis er labert på Vannprogramfronten. Men vi har merka ein annan tendens. Ein gledeleg sådann! - Fortel, fortel! - Mange skular og klasser har sendt inn sine lokale heimesnikra prosjekt, med teikningar, fotos, kart osv. Dette er frå skular som ikkje har vore med før.Veldig mykje interessant og bra. Du må minne folk om basen vår ! http://vann.zoo.uib.no/ - Interessant for andre også ? - Ja, i høgste grad. Her er mange gode idear å hente ! - De legg det vel ut på nettet ? - Vi kjem til å leggje ut ein del av dette, ja ! - Eg snakka nettopp med Sjøholt skule. I fjor hadde dei prøvd å leggje resultata av Kystvaktprogrammet sitt ut på nett-basen. Men dei fekk såpass med problem at dei gav seg på det. I år sendte dei papir-skjema på gamle måten. -Det er registreringsbiten som har ført med seg problem. Du veit Bekkis, Hovis, Vanda og Kystvakt hadde kvart sitt registreringopplegg. I år skal dette vere mykje betre. Nei, litt kaos har det vore, og vi er vel ikkje heilt i mål endå heller. Men omstillings-prosessen er i gong. Du må berre skrive at det går heilt greitt å sende inn sine data på papir om IT av ein eller annan grunn volder problem. -Takk for det, Olaug. |
|
|
Barn frå |
|
| Molde-kurset 1998 Dei etterkvart årvisse Moldekursa med utgangspunkt i det tidlegare Kystprogrammet, gjekk av stabelen 24. og 25. september. Kystprogrammet - som framleis eksisterar er no ein del av det større VANNPROGRAMMET. I takt med endringar i L97 vart dette kurset vinkla på ein annan måte enn kva som har vore tidlegare. Første dag hadde vi besøk av Olaug Vetti Kvam frå Zoologisk institutt i Bergen. Ho kan mykje om Vannprogrammet generelt, og om ferskvassbiologi/økologi spesielt. Pipette & pinsett Ein liten bekk Vannprogrammet er no så allsidig og rikt, at det snart berre er fantasien som set grenser for kva ein kan gjere. Vannprogrammet Det er nok omlegginga til data som har gjort mange usikre. Sjølv om alle tidlegare deltakarar er vel informerte om at dei godt kan bruke gamle skjema til registrering og innsending, ligg det liksom i lufta at det er data som er tingen. Lærarar som ikkje heilt har fått draget på data endå, har såleis fått ein ny terskel som må overvinnast. Etter lunch, guida Vetti Kvam oss gjennom dei utruleg mange moglegheitene som ligg innanfor Vannprogrammet. For dei som var heller ukjende med dette i utgangspunktet, vart nok informasjonsmengda noko stor. Men at dette er ei veldig rik og god ressurs for moderne Natur- og miljøfag, vart alle overtydde om.
Helga Rudaa og Ivar Vereide Andre dag MiljøKontakt fann det også lærerikt å sjå kva slags priori-teringar dei hadde gjort for å få dette til. Å gå utradisjonelle vegar, fordrar at ein gjer med-vetne val. Såleis får ein også evaluert sitt vante daglege virke. Og ein slik prosess kan mang ein skule og mang ei verksemd ha glede og nytte av. |
UT PÅ LEITING I SKOGEN
Finn-Arne Jevne arbeider no ved Averøya Pedagogiske senter. Med utgangspunkt i skogane på Averøya har han lage eit mangfoldig og godt natursti- opplegg. MiljøKontakt har sett nærmare på Skogen Heldige er dei som har eit skogsområde nær skulen sin. Men ein må også vite å bruke dette miljøet til allsidig og spennande undervisning. Er dette hann-selje, eller ho-selje? Kvifor er fuglenebba så ulike? Ja, dette er spørsmål ein kan undre seg over. Når eg tittar på Skogen blir ein freista til mange slike spørsmål. Og ein blir freistra til å finne svara samstundes. Mangfaldig - men lettvindt Skogen er eit fag-integrert opplegg som kan brukast av alle. Norsk og natur-/miljøfag spelar dei to mest sentrale rollene. Vi veit at L97 legg stor vekt på Prosjekt-undervisning. Dessutan veit vi at naturen sjølv er beste klasserom og lærebok i Natur- og miljøfaget. Då seier det seg sjølv at med tilgang på slike lokalt tilpassa natursti-opplegg, har ein eit ypperleg utgangspunkt for god undervisning. Og det - vel å merke - utan at læraren sjølv må vere ekspert.Skogen inneheld først 5 ark : Ut på leting. Dei mest kjende artar innan for flora og fauna er representert med gode illustasjonar og namn. Så går det slag i slag med oppgåver både til ute- og innebruk. Variert. Terrarium Spesielt likte vi dei mange praktiske oppgåvene; t.d lage terrarium med skrukketroll, løpebiller etc. Her er observasjonsoppgåver som går over ein lengre periode. Dette er metodisk veldig fornuftig. Vi har mykje å hente på denne arbeidsformen. Alt rikt illustrert - ryddig og enkelt. Eit ekstra pluss til Jevne for å ha tenkt på ein del praktiske ting som alle lærarar set pris på. Mykje av materialet til utebruk - postar og fasit er laminert av stiv plast. Med andre ord verbestandig og praktisk.På telefonen fortel Jevne at det er mulig for andre interesserte å skaffe seg dette materialet til ein billig penge. Kostprisen er endå ikkje utrekna.Anbefales! SKOGEN
m/elevark, oppgåver, naturstiar med laminerte postar
& fasit. Bokmål Telefon 71 51 36 25 GODE
TIPS Tips oss! |
| PÅ NETTET Så mykje utruleg spennande og bra. - Og så mykje av det motsatte! I denne spalten vil vi kome med utvalde kvalitetstips for skulefolk. Denne gongen skal vi til Volda. Gjennom AV-senteret har mange lærarar gjort unna vidareutdanning i IT. Som ein del av utdanninga har dei laga sine IT-prosjekt. Gå til : http://fuv.hivolda.no/prosjekt/ Her finn du utruleg mykje nyttig , interessant og bra. Snadder for skulefolk - uansett fag ! I denne samanheng er det Miljø-/Naturfaglege mest interessant :
Og meire til. Anbefales ! Anbefales ! |
| Det
gode spørsmål Kvart år arrangerer det svenske Nobel-institutt eit TV-sendt møte mellom årets prisvinnarar. Der får flinke studentar vere publikum - og av og til stille spørsmål. For nokre år sidan hadde ein student følgjande spørsmål : Finst det nokon spesiell metode til å finne dei banebrytande svara på ? Nei, svarde ein av prisvinnerane - før han la til : Det vanskelegaste og viktigaste er i grunnen å stille dei gode spørsmåla. Svara finn ein alltids. Heldig er den lærar som har spørjande elevar. Men det vi må tenke meir gjennom er: Korleis utnyttar vi det gode spørsmål til god undervisning ? Truleg kan vi bli flinkare med å la elevane sjølve finne svara. Artskunnskap ? Dei fleste lærarar vil meine at ein viss gjenkjennande arts- og slektskunnskap må elevane få med seg . Rett og slett fordi naturen består av ulike plante- og dyreartar. Skal ein kunne snakke om, og forstå noko av naturen, må ein ha eit språk tilgjengeleg. Er dette ei vårfluge ? spør eleven. Den erfarne lærar svarar ikkje beint fram ja, eller nei, men viser til arts-duken og oppslagsbøkene. Der bør eleven(-ane) kunne finne ut dette sjølv - i alle fall kunne kome med alternativ. Til skulebruk vil slektsnamna for dei fleste virvellause smådyr, vere meir enn krevjande nok. Det pedagogiske underet Men så skjer av og til det pedagogiske underet : Elevane er ikkje nøygde med å få slått fast at det er ei vårfluge. Dei vil vite kva for ei - av dei 30 mulige vårflugene - dette er ! Fortvil ikkje ..... Den første tanke du må gjere er denne : - Eg er utruleg heldig - no kan eg og elevane mine saman gå på "forskarjakt" ! Men viss no jakta ikkje fører heilt fram - og behovet for eksperthjelp melder seg - så har de ein siste utveg - Posten ! Legg det mest mulig uskadde smådyret på eit lite sprit-glas, og send det til :
Dei blir veldig glade viss
dei saman med prøven, får eit brev frå elevane med
spørsmål, teoriar etc. Det kan vere lurt å ringe 55 58
22 27 i forvegen, eller sende E-post : vann@zoo.uib.no |
MILJØKONTAKT: Miljøavis
for Møre og Romsdal |