Årgang
5 |
I dette nummeret:
Vannpermen – meir enn mangfaldet i naturen !
No er tida komen til å sjå nærmare på kva meir Vannpermen har å by på. MiljøKontakt vil såleis i sine komande utgåver dels halde kontakta med naturfaglærarane. Men samtidig har vi ein klar ambisjon om å vende oss meir mot eit breiare spekter – både av lærarar og av emner . Men framleis innanfor Vann- og Fellespermen; Nettverk for miljølære – rimelegvis ! For dei som ikkje har gjort seg kjende med innhaldet, kan det vere greitt med ei samanfatta oversikt .Permen er inndelt i fire hovudkapittel : 1. MANGFALDET I NATUREN : 24 øvingar/aktivitetar og 9 artiklar 2. KULTURMINNER OG KULTURLANDSKAP : 13 aktivitetar og 3 artiklar 3. AREALBRUK OG PLANLEGGING : 16 aktivitetar og6 artiklar , og 4. RESSURSAR OG FORBRUK som rømer 13 aktivitetar og heile 8 artiklar. Generelt kan ein seie at både aktivitetane og artiklane spenner frå det heilt enkle og elementære, til det komplekse og utfordrande. Ein dyktig lærar vi ikkje ha så store problem med å finne fram til det emnet som passar best i ei bestemt klasse / eit bestemt klassetrinn; anten vi snakkar om småskulen eller vidaregåande skule. Særleg vanskeleg vil det heller ikkje vere å tilpasse mykje av stofftilfanget. Heilskapen er nemleg svært rik. Alle dei viktigaste aspekt ved vatn – og ikkje minst mennesket sitt forhold til vatn gjennom tidene – kan ein få kasta lys over. Ein skal vere merksam på at ein av hovudidéane bak dette prosjektet er at skular; dvs både elevar og lærarar, skal kunne arbeide målretta og vitskapleg. Ein kan – men må ikkje – legge sine funn og sine data inn på den store felles basen via internettet – http://vann.zoo.uib.no/ Dei mange pedagogiske godbitane ein såleis får på kjøpet, er omtala tidlegare. Men som sagt, Vannpermen kan óg nyttast som ein rein idébank ! Nettverk for Miljølære
Det etterkvart årvisse Moldekurset, gjekk av stabelen 9. og 10. september i det finaste seinsommarvér ein kan tenkje seg. Suksessen skuldast ikkje berre véret, men og dei to framragande kurshaldarane Olaug Vetti Kvam og Eldar Wraanes. Torsdag vart alle samla på Fylkeshuset sitt datarom til orientering og omvising på Vannpermen som framleis ligg på http://vann.zoo.uib.no. Olaug Vette Kvam kunne svare på alle slags spørsmål. Ca klokka 13.00 var følgjet klar til køyre riksveg 64 og 664 i nordvestleg retning til Gule-elva nokre kilometer før Bud og Hustadvika. Etter lunsjen – medbrakt frå Knausen Hotel – delte Eldar Wraanes deltakarane i høvelege arbeidsgrupper som med bøtter og spann og kar og kost , tok Gule-elva i nærmare ettersyn.
seinare gjekk turen til Bud der ein rikhaldig flora og fauna i fjøra fekk ei tilsvarande merksemd. Ved moloen stod ei merkeleg innretning som viste seg å vere eit ekperiment-bølgekraftverk. Fiskeværet Bud har óg ei lang og spanande historie å vise til – noko som kunne vere vel verdt å kome attende til ein annan gong. Den første dagen vart avslutta med fin middag og hyggjeleg samvere på Knausen Hotell. Den andre dagen gjekk med til grundig metodisk gjennomgang av innhenta materiell frå Gule og Bud . I detalj vart det gjennomgått og demonstrert kor lett og greitt aktivitetane i Vannpermen fungerer. Som ein deltakar på andre året ordla seg: "I fjor vart eg veldig inspirert, men synst ein del var vanskeleg , blant anna registrering, kartkoder og den slags. I år vart eg endå meir inspirert, samstundes som eg forstår alt ei i fjor var usikker på "
Olaug Vetti Kvam telefon: 55 58 22 27 telefax: 55 58 96 73 e-post: vann@zoo.uib.no
Telefon: 38 14 10 00 Telefaks: 38 14 12 01 e-post: eldar.wraanes@hia.no
Har du som deltakar på kurset – eller berre som lesar av MiljøKontakt - spørsmål til arbeid med Vannpermen – stort eller lite ? Dei kan rettast til Olaug eller Eldar, eller til redaktøren i MiljøKontakt ( sjå første side). Sistnemnde er óg svært interessert i å få høyre frå skular/lærarar som har gjort noko som fortener spalteplass. Uteskule – alternativ til leirskule ? Det har vore vanleg av leirskulane har stetta eit sårt kjent behov for å kunne la ungane oppleve læring ved konsentrert nærkontakt med naturen. Såleis har leirskulane spelt ei viktig rolle som eit supplement til den ordinære skulekvardagen. Spådom Det er vår spådom at leirskulane ikkje berre vil bestå, men vil bli meir etterspurd i framtida. Dei har så mykje meir å by på enn berre det reint faglege. Likevel er det grunnlag for å hevde at i den grad lærarane maktar å virkeleggjere intensjonane i sentrale L97-fag som Norsk, Natur- og miljøfag og Kroppsøving, vil dei måtte hente viktige element nettopp frå mange av dei fine leirskulane våre. Miniatyr-leirskular Skulane vil vonleg utvikle sine eigne miniatyr-leirskuar i sitt eige nærmiljø. Med eit fellesord kallar vi dette UTESKULE. Vi får vone at om nokre år har mange forskjellige uteskular - der noko vil vere likt, og mykje vil vere ulikt.
Heilt Sydvest i fylket ligg Vanylvsfjorden og grensar mot Stadtlandet og storhavet. Denne opne og rike fjorden har skap mest som Italia; med legg, tå og hel. Inst i helen ligg Sylte. Syltefjord skule spelar ei stor og viktig rolle for menneska som bur der. Rektor Albert Solibakke og den vesle staben hans arbeider målretta med å utvikle skulen – leggje alen til sin vekst; som det gjerne heiter. Eit par års tid no har dei arbeidd med å realisere planane om ein Uteskule. Teltet har stått permanent i skogen ovanfor skulen ei tid. Elevane og lærarane har nytta basen sin til mange spennande og lærerike gjeremål. Ein gong herja viden stygt med teltet. Dette utløyste mange gjermål , dels for å reparere skadane og dels for å hindre liknande i å skje ein gong til. Albert fortel at dei største elevane alt har prøvd å overnatte i teltet. Det gjekk fint, alle kom vel heim. No er det slik at redaktøren er heimehøyrande i same kommune som Sylterfjord skule. Såleis var MiljøKontakt kjent med prosjektet på Syltefjord skule. Men det er sikkert mange andre skular i fylket som har spanande prosjekt på gong – prosjekt som fortener større merksemd. Tips oss ! Kulturminner og kulturlandskap Redaktøren vart ein kveld sitjande å lese artikken "Kystkultur"; den andre av tre artiklar frå bolken KULTURMINNER OG KULTURLANDSKAP i Vannpermen. Her er omtala dei første kjende buplassane i Noreg som ligg på Magerøya i Finmark, og er om lag 12000 år gamle. Her er foto og tekst om Skjærvær, eit 500 år gamalt fiskevær på Nordlandskysten. Fiskebondens levekår. Om foredling av rikdomen i havet oppgjennom tidene. Om fartøy av ymse slag. Stokkebåten som dei for kort tid sidan fann i Sørum ved Glomma er óg komen med. Kort sagt; ein interessant og lettlest artikkel som gjev innsikt og perspektiv. I neste utgåve av MiljøKontakt vil vi gå nærmare inn på kapittelet om Kulturminnen. Her er fleire aktivitetar som fortener meir omtale – ikkje minst i våre prosjekt-tider. MiljøKontakt vil gjerne bli tipsa om skular som no arbeider med kulturminner.
|
MILJØKONTAKT: Miljøavis for Møre og Romsdal |