Evalueringa av fjernundervisning av grunnskoleelevar


 Av Johannes Holstad, Høgskulen i Volda

Det er spørsmålet kva de ønskjer å vite om evalueringa i løpet av desse minutta? Eg har valt å seie noko om følgjande:

Evalueringa kan vi seie er delt i to:

 


  • Ei kvantitativ analyse av opplæringa på nettet skuleåret 1998/99 utført av meg.
  • Ei kvantitativ og kvalitativ gransking av opplæringa på nettet skuleåret 1999/2000.

Denne evalueringa blir utført av ei gruppe på tre ved Høgskulen i Volda.

1) 

A. Først litt om evalueringa skuleåret 1999 - 2000. 

Som sagt, var det ei spørjeskjema           gransking, der informantane var vertselevar ( 2 klasser, ei 6. og ei 8. klasse), nettelevar (4 elevar i starten, 1 S på slutten av skuleåret), foreldre til både vertselevar og nettelevar, nettlærarane (2 stk.), rektorane på dei 2 nettskulane pluss  Norsk nettskole. I alt responderte 71 personar eller 67%, men ikkje alle skulle svare på alle spørsmål. Mangla. mest svar frå foreldra til vertselevane. 85% av alle elvane svarte.

I tillegg til ein del av spørsmåla hadde informantane høve til å kome med kommentarar.

 B. Døme på spørsmål:

            * Førehandsinformasjonen om opplæringa (spm. 5)

            * Vurdering av nettskuten sitt arbeid (spm. 9)

            * Vurdering av elevane sin arbeidsinnsats (spm. 10)

            * Vurdering av læringsutbyttet i dei ulike faga (spm. 12)

            * Vurdering av nettlæreren si rettleiing (spm. 14) 

2) Evalueringa skuleåret 1999/2000. 

A. Fleire informantar enn i fjor, m.a, til saman 51 nettelevar på 6 klassesteg (frå 5. til 10.) Det vil seie også 6 vertsklasser frå 5. til 10. Kva slag skular går nettelevane i? Metodespørsmålet nemnt før. Vi er i full gang med infornasjonsinnhentinga. 

Til kartlegginga av nettelevene har vi nytta spørjeskjema. Elles er vi stort sett ferdige med intervjulsamtale med utvalde vertselevar og deira nettlærarar. I tillegg har vi planar om sarntalelintervju med utvalde nettelevar. Dessutan nyttar vi oss av den informasjonen om opplæringa som finst på nettet. 

Vi vil analysere utsende planar, prøver, rettleiingar og vurderingar i faga KRL, samf. fag og norsk i relasjon til intensjonar i L97. Vi vil sjå på formuleringar i alle dei 3 delane av L97, men kanskje gløtte mest til fagplandelen. Døme på sprn. vil vere " Blir intensjonane i L97 realiserte gjennom fjernundervisninga*"