|
|
Er du energisk nok?
Det er ikkje så vanskeleg å bli meir
energisk. Det du treng, er i grove trekk nok kvile, rett kosthald og
rikeleg med mosjon.
Det
er ikkje støtt at ein kjenner seg så opplagt. Om morgonen er det
godt å ligge lenge. Trøytt vert ein på skolen, og det er vanskeleg
å konsentrere seg i timane.
Men det finst råd for dette, og dei kjem
faktisk frå legar. Viss du ikkje kjenner deg så energisk, er det
kanskje ikkje så dumt å prøve ut desse tiltaka:
 |
Mat
Det er lurt å ha god tid om
morgonen. Då kan du kose deg med eit godt måltid mat.
Brød, mjølk og kornblandingar kan vere noko av det viktigaste du
bør få i deg.
Nokre hoppar over frukosten. Det
er ikkje lurt. Etter få timar er hovudet tomt og magen skrik
etter mat. Fyller du på med sukkertøy og anna tom næring,
vil du oppleve at kroppen nok kjem seg ei kort tid. Men snart
er du like slapp att. Sjølvsagt
treng du mat resten av dagen og, men eg trur at det er mange som
hoppar over det viktigaste måltidet om dagen, frukost. |
 |
Trening
Mosjon gjer deg meir pigg. Du
kjenner deg mindre stressa. Kroppsøvingstimane er
viktige. Men gløym heller ikkje friminutta! Kom deg ut
i frisk luft og rør deg! Slikt gir nye krefter.
Regelmessig trening utløyser og
endorfin i kroppen din. Då vil du kjenne velvære etter
treningsøkta. Så kan du rekne med at du søv betre om natta
viss du er fysisk aktiv. |
 |
Kvile
Er du trøytt om morgonen,
bør du opp litt tidlegare. Då vil du nemleg verte
trøyttare om kvelden og kunne kome deg i seng i meir høveleg
tid. Ligg du og dreg deg fram mot middag ein dag, vert du
gjerne straffa for det ved at du ikkje får sove om kvelden. |
|
"Du er då ikkje
mora mi! "
Så
kjedeleg, tenkjer du. Dette kunne mora mi ha sagt!
Kunne det vere ein ide å
prøve ut desse råda ein 14 dagars tid? Virkar dei ikkje,
skal eg ta ein joggetur til straff for kvar av dykk som har noko å
klage på!
;-) Arne |
 |
|
|