|
|
![]() |
|
Energi for nå og seinare Verda vår i dag treng energi for alt. Me har så mange teknologiske ting som treng det. Kva ser du når du går i eit normalt rom? Du ser ofte ein cd spelar, av og til ein computer, ein telefon, ein lampe, ein aircondition eller vifte, vekkarklokke + mykje meir. Det går mykje energi til lys, varme, og mange forskjellige utstyr me treng i eit hus. Mange fabrikkar treng energi til å jobba med maskinane deira. Meste alt treng det, skular, fabrikkar, heimar og butikkar.
Vasskraft er kraft som kjem frå vatn. Folk bygger ut fossar, som snurrar turbinar og produserer energi. Den metoden er brukt i Noreg. Eller så kan dei ta ein dam, bygga han inn så han renn ned eit lite stup og snurrar turbinar så han lager energi. Når alt vatnet har runne på det landet under stupet så pumper dei det opp igjen. Og så byrja det igjen. Den metoden bruker dei litt i Sør Afrika.
Gass-, olje- og kolkraft er kraft me får av å brenna dei. Det har vore brukt, men nå som desse ressursane byrjar å forsvinna, blir det ikkje så mykje igjen etter kvart. Alle desse er brukt, nokre vil ikkje bli kunna brukt etter ein stund, nokre vil bli brukt meir og nokre vil bli brukt mindre. Alt dette kjem, og me bør vera klar. Etter som mange ressursar forsvinn, kjem bruken av olje-, kol- og gasskraft til å forsvinna. Så folk må velga mellom sol-, vass- og atomkraft. Eg trur at solkraft kjem til å bli brukt meir. I alle fall i Asia, Afrika og andre land nær ekvator. Der er det jo mykje sol, og dei kan utnytta sola der. Viss kvart hus har eit solpanel så får dei energi frå sola. Klart kosta solpanelet mykje, men det blir nok det samma som straumrekningane. Det er bare eit problem med dette. Under monsunane (regntid), regnar det mykje i somme plassar. Då hjelpar det ikkje så mykje med solpanel. Da må det vera erstatta med vass- eller atomkraft. Men atomkraft er ofte sett på negitivt. Det er på grunn av atomstrålane. Dei er så farlige at folk synest at dei ikkje skulle vera til stades. Dei ser ikkje på korleis me ellers skal få energi. Atomkraftverka produserer mykje av verdas energi. Så atomkraft blir sikkert brukt mykje seinare. For vil verda ha energi til alt, så må den ha atomkraft. Vasskraft er ein naturvenleg måte til å få energi på. Men det er ikkje så mange plassar det går an å bruka denne metoden . Og nokre plassar det går, vil ikkje folk det. For eksempel seinare kunne me jo bruka Niagara Falls, men det ville nok ikkje folk lika. Eg trur nok at viss me skal ha all den energien me vil ha, må me bruke alle tre. Hanna, 8. klasse, Taiwan |
|||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||