Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 11
Skoleavis for Norsk nettskole

 

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

 5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida  

NATURKATASTROFE I MONGOLIA
OMLAG 40.000 FAMILIER RAMMA

Det er no ei omfattande naturkatastrofe under utvikling i Mongolia. Dette landet som ligg på høgplatået innestengt mellom Russland og Kina, har normalt eit ekstremt klima, med lange og harde vintrar, og varme og tørre somrar. Normalt er det også lite nedbør, rundt 160 – 300 mm årleg, det meste av dette kjem i sommarmånadene.

Oktober 1999Sist sommar var det eit uvanleg tørkeår i vestre og nordvestlege delar av landet. Mange stader kom det berre sparsamt med regn, og det fyrst i juli.

Stein på stein-   
Eit talande bilde om korleis vegetasjonen kan vere på eit fjell.
Og slike fjell må ein køyre rundt-.

 

I nokre fylke gjorde smågnagarar stor skade slik at mykje beiteland vart øydelagt. Og store dyreflokkar og lite grasvekst, gjorde at alt i sommar starta flytting av fleire hundre familier og buskapande deira for å finne betre beiteplassar.

Midt i september kom så det fyrste snøfallet. Det uvanlege var at dette var det mongolande kallar ZUD, dvs. Våt og tung snø, som legg eit tjukt skare og islag øverst. Dette gjer det mest uråd for husdyra å beite gjennom. Alle vona på mildare ver, noko som ikkje kom. Midt i oktober kom neste ZUD, med enkelte stader 60- 100 cm snø.

Dei områda som vart hardast råka ligg sør, vest og nordvest for hovedstaden, 25-40 mil .Dette er område med smådalar og tronge fjellskar.

Då snøen kom så uventa, hadde det vore rasjonering på diesel og bensin omlag to månader, og kommune og fylkessentra her hadde ikkje brøytebilar eller anna utstyr til å opne dei smale fjellvegane eller råsene, eller transportere forsyningar. Det gjorde flytting av buskap også vanskeleg.

I Mongolia er gjetarane nomadefolk, som i eit normalår flyttar gerane ( filthusa) og buskapen sin 3-5 gongar. Det er lite tradisjon for å samle og lagre gras til vinterfor. Dei har også lite høve til å oppbevare dette. Nokre få har for til nokre av hestane sine.

Død hest i vegkanten sist sommar. Døde dyr er eit normalt syn her.
Gribbane har mykje mat. Det unormale er i slike mengder som denne vinteren.

Så langt denne vinteren har mellom 1,5 og 2 millionar husdyr døydd, av svolt og utmatting. Representantar frå det mongolske landbruksdepartementet antek at truleg nærare 5 millionar husdyr vil døy innan grasvoksteren er i full gang. Dette vil utgjere nesten 15 % av alle husdyra i landet.

Normalt er det vårmånadane mars til juni som er vanskelegast for husdyra. Dette fordi dyra er utmatta etter ein lang og hard vinter, og toler lite det barske vårveret med sterk vind, sandstormar og svingande temperaturar. Det er også fordi landet ligg høgt( gjennomsnittleg høgde over havet 1600m) og har ein kort vekstsesong for gras. Det er ikkje skikkeleg grønt her før i slutten av juni, midt i juli, alt avhengig av kva tid regnet kjem.

Dei siste 2 månadane har styresmaktene i felleskap med fleire organisasjonar, prøvd å dele ut for, mat, medisinar og klede. Men mange av områda er vanskeleg tilgjengelege, og det er få vegar.

Ein reknar med at 40.000 familier er omfatta av katastrofen. I alle fall 300 familier har mista heile dyreflokken sin, dei andre store delar. Så dette vert eit omfattande problem på lang sikt, avdi fleire vert heilt utan kjøt og meieriprodukt, og produkt som kashmir-ull. Denne ulla kjem frå geiter og er eit viktig salsprodukt for Mongolia. Mykje av den døde buskapen er nettopp slike geiter.

Gjennom denne katastrofen vert mange gjetarfamilier heilt utan inntekstgrunnlag og er i akutt nød.

Representanter for landbruksdepartementet meiner at det vil ta 4- 5 år før desse delande av landet er over krisa. Og det er dersom desse fylka får normalår utan sommartørke og unormale vintrar.

Dette er eit område omlag 25 mil vest for hovedstaden.
Områder som er svørt hardt råka ligg i dalane og åsane rett bak. Dette var av dei som fekk snøen alt 15.september.

Akutthjelpa no er mat, medisinar, klede og brensel, samt for til dyra. Men dei fleste dyra er så svekka, at ein har lita von å berge dei frå sveltedøden.

Mellom befolkninga er det auka sjukdom grunna svekka allmenntilstand. Det er også lite legar og medisinar tilgjengeleg i desse områda.

Ulike grupper innad i Mongolia prøver på ulikt vis å samle inn tørrvarer og dyrefor, og fordele dette der det trengst mest.Også på den internasjonale skulen er det ein innsamlingsaksjon mellom elevar og personale. Dette skal fordelast via Røde Kors.

Men å kjøpe inn ny buskap til dei som er hardast ramma, har Mongolia ikkje økonomi til. Fleire land har alt gjeve økonomisk hjelp i høve denne katastrofa. Mongolia sin utanriksminister var på besøk i Norge for kort tid sidan. Då vart det vedteke å gje omlag 35.000 U.S dollar til naudhjelp i denne akutte situasjonen.

Frå Evelyn Larsen i Mongolia