|
|
![]() |
|
Av Pål i Taiwan Lee Teng Hui Lee Teng Hui vart fødd i januar 1923 i Tamsui nordfor Taipei. Han studerte landbruksøkonomi ved Tokyo Imperial University og Taiwan University. Han fekk doktorgrad i landbruksøkonomi ved Cornell University i U.S.A. Han arbeidde mange år innan fagfeltet sitt med utbetring av landbruket på Taiwan. I 1961 vart han ein kristen og i 1984 vart han visepresident. I januar 1988 døydde President Chiang Ching Kuo, så Lee Teng Hui kunne bli president. Lee Teng Hui overtok ein diktaturstat der presidenten og ein gjeng oldingar i partiet KMT, hadde all makt. På få år gjorde han Taiwan om til eit moderne demokrati, der fleire parti tevlar om makta. I mars 1996 vann han det fyrste verkelige presidentvalet på Taiwan, fekk over halvparten av røystene og vart fyrste folkevalde presidenten. Han vil gå av i mai 2000. Ein ny president er blitt vald. Han heiter Chen Shui Bian. Ei veke etter valet gjekk Lee Teng Hui av som formann for KMT. Visepresident Lien Chan vart ny partiformann. Chen Shui Bian Chen Shui Bian var fødd 18 februar 1951. Faren hans var ein fattig landarbeidar og mora hans var vaskehjelp. Ved opptagsprøven til vidaregåande skule var han best i Tainan fylke, men ved opptaksprøven til universitet og høgskular blei han best i landet. Han var utdanna jurist i si tid den yngste advokaten i landet. Han vart interessert i politikk då han var forsvara i retten for opposisjonelle som var arresterte i samband med Meilidao-oppstanden i 1979. I 1981-1985 var han bystyrmedlem for Taipei. I 1989-1994 var han representant for ‘’Democratic Progressive Party’’(DPP) i den lovgjevande forsamlinga i landet. I 1995-1998 var han borgarmeister for Taipei. Ved presidentvalet 18 mars 2000 fekk han 39% av røystene og vart vald. Ein uavhengig presidenkandidat fekk 37% av røystene KMT sin kandidat fekk 23%. Heile 82,6% av dei røysteføre i landet røysta ved dette valet. Kona til Chen Shui Bian blei overkøyrd av ein lastebil i 1985. Sidan har ho vore lam frå livet og ned. Likevel er ho er til god hjelp for mannen og var ofte å sjå på valkampen til Chen Shui Bian. |
||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||