|
|
Lederen |
|
Eksamen Av Sverre, nettlærar i 10. klasse Etter 10 år med skulegang skal det heile avsluttast med eksamen. Spørsmålet mitt i dag er: Er dette rett? Eg meiner nei. Er 10 års skulegang berre førebuing til den avsluttande eksamensdagen? Eg meiner skulegangen skal førebu dei unge på eit sjølvstendig liv. I skulen lærer vi vonaleg meir enn berre fag. Sjølvstende, samarbeid, initiativ, kreativitet, latskap, giddalause og liknande positive og negative eigenskapar er like mykje resultat av mangeårig skulegang som fagkunnskap er det. Tradisjonell eksamen fangar stort sett opp berre ein eigenskap hjå eleven/studenten, nemleg kor godt korttidsminne ein har fått utlevert. I våre dagar prøvar vi ut nye måtar å teste kunnskap på. Med å nytte andre prøveformer, testar vi andre og fleire eigenskapar. Dersom vi skal halde på eksamen, bør eksamensformene endrast slik at dei er meir i takt med det vi drive med ellers i året. Kva nyttar ein eksamenskarakteren til? Etter Reform 94, har alle rett til vidaregåande utdanning. I dette systemet er det ikkje trong for utsiling i like stor grad som tidlegare. Eg meiner det må leggast meir vekt på rettleiing, slik at den einskilde vert betre skikka til å gjere eit riktig val. Dersom dette vert gjort tidlegare på året, kan fylkeskommunen få betre tid til å planlegge og opprette nok klassar. I staden for tradisjonell eksamen bør vi legge om arbeidsmåtane til tverrfaglege, problembaserte oppgåver der elevane får vist mange sider av seg sjølve og der dei får kombinere kunnskap frå fleire fag. I desse eksamenstider vil eg altså slå eit slag for å fjerne eller legge om eksamen. I grunnskulen er vi på veg, munnleg eksamen kan no gjennomførast som pararbeid og gruppearbeid. Det vert og drive forsøk med skriftleg eksamen. Kanskje skal Norsk nettskole til neste år ta del i eit forsøk med nettbasert eksamen der kandidatane har tilgang til alle moglege hjelpemidlar, men enno er det nok ei stund til vi kan kutte ut eksamen heilt. Enn så lenge, lukke til! |
||||||||||||||||||
| |