|
|
Lederen |
|
|
![]() |
![]() |
![]() |
(Peik
på bileta, så ser du litt tekst.)
Eg har vore med sidan starten av Norsk nettskole for to år sidan. Det første året hadde eg åtte nettelevar. Det andre var vi elleve.
No er det fjorten elevar i 8. klasse. Av alle desse har eg møtt tre, Andreas, Eva og Takis. Dei har besøkt vertsklassen i Hedalen og vore heimom hjå meg.
Dei fleste elevane kjenner eg via tastaturet. Det er utfordrande. Når vi kommuniserer med kvarandre, nyttar vi stort sett tekst. Nokre kan og bruke lyd og bilde gjennom små videokutt. Lurer du t.d. på korleis eg ser ut og pratar, kan du spele av denne vesle videosnutten.
Det
er viktig at elevar og lærarar vert trygge på kvarandre. I Norsk
nettskole freistar vi å ha ein uhøgtidleg og positiv tone. Vi trur
at ros og oppmuntring fremjar læring. Slik kan vi møte kvarandre
på ein god måte via tastaturet.
Mange av elevane mine har skrive om tankar og kjensler dei har der dei no er busette. Slikt er interessant og lærerikt. Når vi deler kunnskap, røynsler, tankar og idear med kvarandre, kan vi alle verte klokare.
Langt frå alle har høve til å møte vertsklassen sin. Men nokre har det. Slike sjansar bør ein ikkje late gå frå seg. Når ein har møtt dei ein skal samarbeide med, kan ein verte tryggare på kvarandre. Har du lyst til å gjere som Takis, Eva og Andreas, bør du ta kontakt med vertsklasselæraren din.
:-) Arne