|
 |
Uttrykket "har ikkje peiling"
- Av Eldar -
Uttrykket "har ikkje peiling" er eit uttrykk som vert brukt i veldig mange samanhengar, kanskje litt for mange, meiner somme.
Til dømes no nettopp brukte eg uttrykket når eg snakka men broren min fordi eg ikkje hadde peiling på kva eg skulle skrive om i denne oppgåva.
Då kom broren min med forslag om at ei kunne skrive om uttrykket "har ikkje peiling". Ei synst ikkje det var så dumt sidan ei ikkje hadde peiling på kva ei skulle skrive, so no sit eg her og skriv, da.
På grunn av uttrykket "har ikkje peiling" har eg allereie skrive ein del, men ikkje
ei halv side heilt enda. Eg har heller ikkje peiling på kva skriftstorleik lærarane ønskjar eg \ vi skal bruke. Derfor kunne eg ha vore litt lur og brukt skriftstorleik 20. Då hadde ei blitt fortare ferdig, men det syns eg ikkje eg kan gjere sånn heilt utan vidare. Sjølv om det hadde lønt seg.
Eg er heilt sikker på at du ikkje kan lese gjennom ei heil avis utan å lese uttrykket "har ikkje peiling". Og les du ei bok, er eg sikker på du ser uttrykket opp til fleire gongar. Dette er jo ikkje 100% sikkert, men dette er kva eg trur.
No må eg nok til å bruke utrykket "har ikkje peiling" igjen, for no har ei ikkje peiling på kva eg skal fortsette å skrive om. Men det er jo berre eit nytt og godt døme på samanhengar der vi brukar dette uttrykket.
Så viss det var fleire enn meg som ikkje hadde peiling på kva dei skulle skrive om, så har eg forståing for det. Og er det nokon som hadde so mykje i hovudet at dei ikkje klarte å bestemme seg for kva dei skulle skrive om, så vil eg gjerne snakke med
dei.
|