Startside for Norsk nettskole

Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

 

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida


Fotball er populært

- På skulen vår går det knapt 90 elevar, og heile 60 av desse spelar fotball. Så det er den store sporten. Vi spelar på minilaga til Sunnylven, fortel Maiken, Frode og Ole Hjalmar i 4. klasse.

Frode i fint driv med ballen gjennom løypa til fotballmerket.

Dei har akkurat avslutta fotballsesongen med fotballfest med konkurranser og disco.

- Vi spelar turneringar mot lag frå andre bygder, og i år har vi vunne dei aller fleste kampane, seier dei tre, og dette er dei både glade for og litt stolte av.

Laurdag var det fotballfest på det nye klubbhuset.

- Då fekk vi pølser, brus og kaker – og så var det diskotek etterpå, fortel dei unge spelarane.

Før festen fekk også alle borna prøve å ta fotballmerket. Då måtte dei føre ein ball i ei bestemt bane rundt kjegler. Dette gjekk fint, og fotballmerket sitt får dei unge talenta seinare i haust.