Nettskulen
engasjerer
-
Dette vil vi høyre meir om.
-
Nettskule er kjekt.
Dette
er utsegner eg har fått høyre svært mange gonger sidan
eg var så heldig å bli nettlærar og ha ansvaret for
4. klassingar både ved eigen skule og kring om i verda.
No
er det gjerne slik at alt nytt er spanande og interessant i byrjinga og
at interessa og gløden kanskje vil ta av noko etter kvart. Men
engasjementet desse første vekene har vore gledeleg stort.
-
Kva tid skal vi arbeide med nettskule, spør mine 4. klassingar
stadig vekk. Dei har no fått presentert seg på sine sider,
arbeider med e-post – og har fått den første kontakta med
nettelevar. Frå nettelevar og foreldre kjem og tilbakemeldingar
som tyder på at nettskule er eit godt tilbod og ei undervisningsform
som kan engasjere.
-
Dette vil vi høyre meir om, seier foreldra til vertselevane, og
er glade for den tilleggskunnskap og kompetanse som nettskulearbeidet
gjev deira born.
-
Dette vil vi gjerne høyre meir om, seier oppvekstetaten og rektorane
ved dei andre skulane i kommunen vår. Ei orientering om nettskulen
står på sakskartet til neste rektormøte.
For
ein debutant i nettskulearbeidet er det sjølvsagt både teknisk
og pedagogisk litt av ei utfordring å prøve og leve opp til
forventningane til foreldre og elevar og bevare gløden og engasjementet
som ein ser er til stades.
Eg
ønskjer meg difor framfor alt eit tett samarbeid med kommentarar
og innspel frå desse i det vidare arbeidet, og vonar på at
rettleiing og korreksjon også kjem ovanfrå i systemet om ikkje
alt skulle gå like greitt.
Lars,
nettlærar i 4. klasse.
|