Matpakkeveke og fellesmåltid

-
Har vi det ikkje hyggjeleg i dag, undrast Ole Hjalmar, Frode, Kjetil og
Maiken. Her sit dei rundt bordet under fellesmåltidet på skulen
torsdag. Denne dagen hadde FAU (foreldra sitt arbeitsutval) ved skulen
diska opp med rundstykke med godt pålegg, sjokomjølk og frukt.
Det
gjer dei kvar haust under det som heiter Matpakkeveka. Denne veka
er det ekstra viktig at alle har med seg nistepakke og frukt eller grønnsaker
til maten.

Svært
mange skular i Noreg deltek i denne Matpakkeveka, og den klassa eller
skulen som er aller flinkast til å ha med matpakke og frukt kvar
dag, kan vinne ein pengepremie. Kanskje vert nokon ved Sunnylven skule
dei heldige?
|