|
|
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||
Heile skulen til fjellsTysdag drog alle dei 88 elevane ved Sunnylven skule og lærarane våre til fjells. Vi har ein slik tur kvar haust, og i år gjekk vi til ei seter som heiter Strynesetra. Ho ligg i nabokommunen vår, som heiter Hornindal.
Her grillar lærarar og elevar pølser. Først måtte vi reise ei stund med buss, og så kunne vi starte å gå innover den vakre Knutsdalen. Her var det fint å gå og med fine haustfargar i fjella. På vegen møtte vi og ei lita levande mus! Vi såg også kalvar og sauer som no snart skulle hentast heim att frå beita sine.
Vi
fire vertselevane på Strynesetra: Vi hadde med oss gode klede og godt med mat. Men då vi kom heilt til setra, var der så kald vind at vi var der berre ei stund. Så gjekk vi litt nedatt i dalen, og her var det fint å ete maten sin. No kunne vi tenne bål, grille pølser og kose oss, før vi seinare på dagen måtte snu ned att til bussane.
Rundt oss var mange høge fjell. På biletet ser du den spisse Hornindalsrokken mellom bjørketrea.
Helsing, |
|||||||||||||||||||||||