Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

Leder

Første side
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10
 

Er nye kommunikasjonsformer eit gode, eller onde?

Mykje verkar til å vere nytt, men nokre fellestrekk er det trass alt mellom det tradisjonelle skuleslaget og den enn så lenge, noko utradisjonelle nettskulen. Her som i andre skuleslag har vi elevar, lærarar, foreldre, bøker og andre læremiddel.

Den fysiske avstanden mellom dei ulike aktørane er kanskje den tydelegaste skilnaden. Avstanden er så stor at ein skulle tru deltakarane i denne skulen for alltid vil vere framande for kvarandre. Då er det eit tankekors når foreldre skriv til Globalnytt og seier dei har betre kontakt med nettlæraren enn dei hadde med lærarane i den meir tradisjonelle skulen.

Gjennom å ta i bruk e-post og Internett kjem vi faktisk nærare kvarandre enn om vi budde i same bygd, eller by. Det er verkeleg eit tankekors!

Er vi som arbeider i ordinær skule for lite flinke til å ta foreldra på alvor? Er kvardagen vår for travel?

For ganske få år sidan, før tv-en, hadde folk tid til å møtast, ein tok seg tid til å gå bort til naboen og slå av ein prat. Det er det mindre av no, men pratar vi mindre? Har vi kontakt med færre, eller fleire enn før?

Ser ein på dei som er (litt) yngre enn oss, er dei aller fleste fortrulege med mobiltelefon, tekstmelding, e-post og chatt. Er dei berre fanga i elektronikk- produsentane sine lange armar, eller har dei oppdaga nye (og betre) måtar å kommunisere på?

Eg veit ikkje svaret, det eg veit er at eg har mykje meir kontakt med dei fleste nettforeldra, enn eg har med vertsforeldra. Eg trur det er ein fordel og ein positiv verknad av den teknologiske utviklinga vi i nettskulen er ein del av. Andre får finne ut om teknologien endrar oss som sosiale vesen.

Sverre