Overnattingstur
til Vaulen !!
Ein
dag dro vi i 6. klasse på telttur til Vaulen. Dette er ein seterstøl
som kommunen eig. Sola skinte da vi dro med bussen innover. Det tok ca.
1 time og 3 kvarter å gå innover.
På
turen til Vaulen tok vi ca. 3 pauser. Det vart litt tungt til somme av
oss, for sekkane var kanskje i tyngste laget.
Da
vi var komme fram fann vi oss ein plass, og vi sette opp teltet. Det var
ikkje så enkelt å vite kor teltpluggane og teltstengene skulle
vere. Men telta kom nå opp til slutt.
Etter på åt vi maten vår.
Så
gjekk vi til "Limåskyrkja". Det tok oss ca. 40 min. Det
var mange som gjekk i gjennom Limås kyrkja.
Limås
kyrkja er som ein tunnel som går inni berget, og inni der er det
vatn.
Alle
som prøva vart klissvåte fra topp til tå. Det var mange
som bada etterpå.
På
turen tilbake var det nokon som nesten gjekk seg bort. Men de ropa på
lærarene, så de venta på dei.
Da
kvelden, kom grilla vi pølse med brød. Etterpå fortalte
vi spøkelseshistorier ved bålet. Det var og nokon som leika
utenfor teltet da vi ville sove.
Klokka
var 11 da vi la oss. Om natta våkna vi flere gongar, for det var
kaldt og frost. Om morgenen da vi våkna, kledde vi på oss
varmere klede. Og så åt vi maten vår.
Det
gjorde godt å få i seg noko mat. Etterpå kunne vi gå
inn i eit stort hus for å varme oss. Lærarane hadde tent opp
i ovnen, så vi kunne sitte og varme oss.
Etter
vi hadde fått varmen i oss, gjekk vi ut og pakka sakene våre.
Til slutt tok vi og pakka sammen teltet. Den morgenen var det sol, men
det var kaldt lell.
Vi
måtte rydde opp etter oss før vi dro. Da alle hadde pakka
sammen utstyret sitt, begynte vi å gå nedover. På heimvegen
tok vi ca. 3-4 pauser. Det var mange som fekk gnagsår.
Det
var somme som gjekk fort og nokon som gjekk seint. Nokon datt i gjørma,
og nokon vart våt. På den siste pausen sa lærerene at
det var 20 minutter igjen til vi kom fram til bussen.
Da
vi kom fram til skulen var det mange som var klare og trøtte etter
turen. Men det var ein fin tur, sjølv om det var litt langt å
gå. Det var litt kaldt om natta, men vi overlevde da
Av: Maria Kristine, Ina Cecilie og Ragnhild, Surnadal
|