Startside for Norsk nettskole

Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

  5
6 7 8
9 10  


Barndomsminne frå Thailand 

-Av Anni-

Familien min reiste til Thailand på ferie. I Thailand var bror min Anfinn fødd. Me har eit hus i Pattaya, det er ein by like utan for Bangkok. Heile familien min i Thailand reiser til stranda for å bade nesten kvar dag, unntatt dei som jobbar. 

Då Brita var berre 4 år, klatra ho opp i eit tre. Det var eit mangotre og det var fleire meter i frå bakken. Ho klatra ut på ei grein og den greina var akkurat som  ei stamme som ligg vassrett over bakken. 

Ho klatra opp i den og pappa blei nesten vettskremd då han fekk sjå 
vesle jenta si opp i treet. Det var jo ti meter over bakken! Det gjorde ho fleire gonger, så til slutt måtte dei sage ned treet. 

Då eg var i Thailand, gjekk eg på ein skule, eg var berre 5 år. Det var jo mest barnehage. Men eg likte meg veldig godt. Familien min har vore nokre gonger etter det, men eg lengtar tilbake til Thailand att.