Startside for Norsk nettskole

Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

  5
6 7 8
9 10  

Klede og sko til barn som frys

I Ulaanbaatar, hovudstaden i Mongolia, er det konstant kuldegrader frå november til mars. På det kaldaste kan det vera førti minusgrader. I denne byen er det mange barn som høyrer til familiar som ikkje har råd til å kjøpa klede eller sko. 

Det er ikkje uvanleg midtvinters å sjå barn som t.d. hentar vatn til familien sin i store mjølkespann i tretti minusgrader, men utan hue og vottar, og berre i holete småsko. Mange mongolske barn har altfor raude kinn, som eit resultat av frostskader. Og mangel på skikkeleg klede og sko er for mange barn grunnen til at dei sluttar på skulen. Har du liggjande sko eller klede som desse barna kunne fått bruka?

Norsk Luthersk Misjonssamband driv eit prosjekt for fattige barn i Ulaanbaatar, "Gatebarnsprosjektet". CFS er den engelske forkorting for namnet "Child & Family Strengthening Project". CFS har vore i gong sidan januar 1999. I det prosjektet hjelper vi barn frå familiar som er så fattige at dei knapt fungerer som familie, og der barna er på grensa til å byrja livet som gatebarn. 

Vi driv skuleklassar og førskuleklassar for desse barna, samtidig som vi gjev foreldre støtte og vegleiing til å ta seg betre av borna, og forskjellig opplæring som kan hjelpa dei til å skaffa levebrød for familien. CFS samarbeider med lokale myndigheter, og har som målsetting å mobilisera og styrkja lokalsamfunnet sine ressursar til å møta desse vanskane.

CFS skal i haust organisera innsamling av klede, sko og anna som kan koma til nytte i vårt prosjektområde. I slutten av november vert det sendt ein kontainer frå Stavanger. Mange ulike lokale grupper, lag og einskildpersonar har sagt seg interessert i å vera med på innsamlinga. Her fylgjer ei praktisk vegleiing/instruksjon til alle som ynskjer å koma med bidrag.


Det er svært viktig at det som vert samla inn og sendt er i tråd med det denne "instruksjonen" seier. Dei som organiserer innsamlinga lokalt må gjera sendinga klar etter fylgjande instruks:
  • Sjå til at kleda og skoa er reine og heile
  • Sjå til at det ikkje vert send brukt undertøy eller brukte sokkar (det vert tatt bort i tollen i alle fall, og skaper vanskar for oss)
  • Sjå til at kleda og skoa er godt og kompakt pakka i pappøskjer (dess meir kompakt vi pakkar, dess meir får vi plass til i kontaineren)
  • Alle som leverer klede må betala fem kroner per kilo som vert levert, for å finansiera sendinga frå Mongolia til Noreg. 
  • Skriv utanpå kassane kva type klede det er, og kva storleik det er. Dette må også stå på lister som vert sendt saman med kassane.
  • Må finansiera sendinga av kassane til firmaet "Vivat" i Stavanger, som skal ordna med sendinga av kontaineren frå Noreg til Mongolia.
  • Kassane må vera levert til Vivat innan 25.november.


Vivat kan gje råd og hjelp om korleis det er greiast å få senda kassane til Stavanger. 

Når lokallaget har sendinga klar, kan de ta kontakt med Vivat, tlf: 51 89 37 70, faks: 51 89 37 71, e-post: vivat@vivat.no, sjå også http://www.vivat.no

Vi bed om forståing for at dei som gjev ting også må betala fem kroner per kilo. Dei reelle kostnadane er ca kr. 18 per kilo, så derfor er fint dersom folk har høve til å gje meir enn fem kroner. Desse pengane kan overførast til bankkonto 8220 02 91855, det er ein eigen konto for frakt til kontaineren.

Konkrete behov: 

  • Klede og sko, fyrst og fremst for barn, men det er også bruk for vaksen storleik. 
  • Kleda og skoa må vera reine.
  • Kleda og skoa kan vera brukte, men må ikkje vera utslitne. 
  • Varme klede er viktigaste. 
  • Stort behov for alle typar sko, men særleg bruk for vintersko for barn. 
  • Ullteppe.
  • Leikar for barnehage og skule, av så god kvalitet at dei tåler vanleg bruk i barnehage og skule. 
  • Skrivesaker o.l. til bruk i skulen, skulesekkar eller bagar. 
  • Strikkepinnar, tjukkleik 2-6, alle typar.
  • Ullgarn for strikking 


Meir informasjon om CFS sitt arbeid kan du få ved å kontakta Giverkontoret til NLM, Sinsenvn. 25, 0572 Oslo, tlf 22 00 72 00, eller ved å kontakta CFS i Ulaanbaatar direkte, adr. CFS, P.O.Box 707, Ulaanbaatar 13, Mongolia, e-post streetch@magicnet.mn

Med takk og venleg helsing frå prosjektstaben, ved Solrun Samnøy