Startside for Norsk nettskole

Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

  5
6 7 8
9 10  


Sykkeltur

Her på Sunnmøre har vi hatt så fint eit haustver at vi måtte ta ein tur. Trollstigvegen stengde ganske tidleg, så det er ikkje mykje trafikk fram gjennom Valldalen, så vi fann ut at sykkeltur var tingen. 

Vi sykla ut  gjennom fjorden og gjennom tunnelen til Sylte, kommunesenteret. Så drog vi syklane opp i Syltemoa. Soga seier at Olav den Heilage sat på brinken av Syltemoa og såg på at skipa brann ute på fjorden då  han for gjennom Valldalen i 1029. 

Vi sykla fram igjennom den fine Olavsvegen og fram til Hol. Der stoppa vi og åt nista vår. Etterpå såg vi på laksetrappene og det gamle kraftverket i Holsfossen. 

På vegen ned til Sylte stoppa vi fleire gonger for å kvile bakendane våre. I siste time var vi innom 6. og 7. klasse på Valldal skule.

Endeleg bar det inn gjennom tunnelen og heim att, då hadde vi sykla 27 km!