Startside for Norsk nettskole

Globalnytt
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10

 
Nytt frå CFS -gatebarnsprosjektet i Ulaanbaatar 

Glimt frå prosjektarbeidet

Munkhbat er 14 år, og eldste barn i familien.  Han bur saman med mora og tre yngre halvsøsken, som er seks, fire og knapt eit år. Tre andre sysken bur saman med slekta til faren.  Mora har ikkje arbeid. 

For to år sidan gjekk ikkje Munkhbat på skulen, men brukte tida si til å sjå etter småsøskena, og til å skaffa mat til familien på ulike måtar.  For det meste var det å leita i søppelet etter slikt som kunne seljast, for så å få pengar til ørlite mat.

På den tida var han på nippet til å forlata familien og byrja gatelivet på full tid.  Så byrja han i vår prosjektklasse, fekk klede, kladdebøker, penn, og anna som trengs for å gå på skulen.  Og eit måltid mat kvar dag. 

Mora fekk også litt mat til seg og småborna, sidan ho miste inntekta frå sonen då han byrja på skulen.  Ho byrja på kurs for å læra strikking.  Monkhbat har lært å dyrka poteter.   

Litt fakta

Frå i haust har CFS vel 200 barn som vi fylgjer opp på ulikt vis, i distrikta Bagahangai og Sukhbaatar..  Ca 170 barn går i skule- eller førskuleklassar som CFS har starta.  Resten er slike som tidlegare har gått i våre prosjektklassar, men som sjølv om dei no er innlemma i vanlege skuleklassar må få tett oppfølging for å unngå at dei fell ut av systemet igjen.

Alle foreldra til desse borna deltar på ulike kurs for å få opplæring og vegleiing om korleis dei kan gje best mogleg støtte til barna sine.

 Bagahangai held vi fram med opplæring i grønsaksdyrking og ullforedling, for å gje foreldra ein sjanse til å skaffa inntekt til familien.  Femti familiar var nyleg med på potethausten.  Tretti kvinner kardar, spinn og strikkar for sine familiar, og for sal.

I samarbeid med National Center for Children utarbeidar og trykkjer  vi opplaringsmateriell for foreldre  og for lararar og andre som arbeider med barn.  Vi driv ogsa haldningskampanje om barnerettane, t.d. plakatar på bussar og offentlege stader om barn sin rett til uttdanning.

Staben i CFS

Vi prøver å ha minst mogeleg stab, og brukar heller dei som er tilsette av stat og kommune i områda vi arbeider.  Til dagleg er vi fem som arbeider på CFS kontoret. Marta er lærar, og som "edcucation officer" har ho særleg ansvar for å fylgja opp alt som har med undervisning å gjera.  

Elles er ho ansvarleg for å koordinera samarbeidet med våre partnarar. Chimgee er lege, og som "health officer" har ho ansvar for å fylgja opp det som har med helse å gjera.  Dessutan utarbeider ho brosjyrar o.l. som vi brukar når vi har diverse kurs i prosjektområda. 

Dorj er "operation officer" og har ansvar for alt mogeleg praktisk i administrasjonen, inkludert bokføring og anna arbeid med finansane.  Han har også ansvar for å fylgja opp grønsaksdyrkinga. Bayanmunkh er sjåfør og alt-mogleg-mann. Solrun er prosjektleiar.   

I Mongolia...

  • er 46 % av innbyggjarane barn (under 18 år)

  • byrjar barn på skulen når dei er åtte, og det er forventa at dei kan bokstavane når dei byrjar.

  • er skulegang er gratis, men foreldra må dekka utgifter til bøker, skrivesaker og liknande, og mange fattige har ikkje råd til desse tinga.

  • er feilernæring eit utbreidd problem mellom barn, og 81 av 1000 born døyr før dei fyller fem år.

  • lever 36 % i fattigdom, og stadig fleire av desse er ekstremt fattige.

  • er gjennomsnittstemperaturen frå desember til februar 25 minusgrader

Klesinnsamling

Denne hausten skal vi senda container frå Noreg med brukte klede og sko og anna som vi har bruk for i CFS.  Dersom du er interessert i å vera med på innsamlinga, så kan du kontakta firmaet Vivat som skal senda containeren (tlf. 51 89 37 70), eller du kan ta kontakt med oss i prosjektet direkte,via e-post.

CFS har eit totalbudsjett dette året på 1,2 millionar NOK.  NORAD dekker 80 % av denne summen, resten er frivillige gåver. Vi treng framleis vel 80 000 NOK i gåver for å dekka budsjettet dette året.  Ta kontakt med NLM sitt gjevarkontor dersom du ynskjer giroblankett tilsendt. 

Adressa til gjevarkontoret:

Gjevarkontoret NLM, Sinsenvn 25, 0572 Oslo.

Tlf.: 22 00 72 00

Bankgiro: 8220.02.90050, merk gåva «gatebarnsprosjektet i Mongolia»

Adressa til prosjektet i Mongolia:

NLM-M Child & Family Strengthening Project
P.O.Box 707, Ulaanbaatar 13, MONGOLIA
Tel: 976 1 458636 (o)    Fax:  976 1 451260

E-post: streetch@magicnet.mn
 

Ulaanbaatar oktober 2000

Venleg helsing frå prosjektstaben, ved Solrun Samnøy