Intervju med nokre av bakarane
Vi har intervjua ei av gruppene som laga lefser og flatbrød, i
samarbeid med eit par damer frå Bondekvinnelaget.:Ingelin, Frode,
Ole Hjalmar, Linn Helene og Liv Tone.

Dei
unge bakarane laga og rundstykke til eit fellesmåltid i småskulen.
Her er vertselev Frode i aksjon.
- Kor mange får prøve seg på å lage lefser og
flabrød?
- Alle klassene 1- 4 skal få prøve, men det er ikkje
plass til alle på ein gong,så vi har blitt delt inn i grupper..
- Er det mange som har gjort dette før?
- Ja, seier Linn Helene og Henriette i kor.
- Er det vanskeleg, treng de mykje hjelp?
- Nei, det var ikkje så vanskeleg som vi trudde!
- Lærer de noko av dette da? Er det morosamt?
- Ja! Vi har lært mykje, no er vi proffe bakarar!!!
- Kven lagar de det til? Skal de spandere på alle klassene i dag
óg?
- Nei, vi skal ha det sjølve. Vi lagar ikkje så store
mengder, berre slik at alle får prøve å bake.
- Synest de at lefser og flatbrød er godt da?
- Det er ikkje alle som set like stor pris på det. Nokre synest
det er for tørt.
|