|
Globalnytt
48 2000
Skoleavis for Norsk nettskole Dette nummeret er laget av 4. klasse |
|
Om Bakkefonna er denne segna fortald: Då Bakkefonna gjekk, var Bakkane to bruk. Fonna kom så svær og tung at ho tok med husa åt ein av mennene ned på Storåkeren. Der var varsel framføre. Eit varsel var at terna julaften helt på viska opp vollar til helga. Då såg ho ei blå ljoskule kome trillande over vollane, men hoppa forbi ein av dei. Det var vollen åt ei ku som slapp unna. Det kom seg så at den dagen fonna kom, sleit denne kua seg, for ut og la i veg ned i Torsteingarden. Terna reiste etter henne. Det var eit forrykande ver med rennedrive og nedburd. Torsteins-folket rådde henne frå å gå opp att, og ho gav seg til der. Såleis gjekk dei fri fonna, både terna og kua. Ein liten gut vart berga. Han låg i rugga og guten fylgde fonna, men ei stor nystehonk og kleda i rugga la seg over andletet til guten, så då dei moka opp fonna, vart guten berga. Dei grov fram att alle anna enn ei tenestejente. Ho vart ikkje funnen før jonsokaftan, då fonnbreen på Rondeåkeren tøya opp. Maiken |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||