På gardsbesøk
Klassene møttest
nede i nybygget på skulen måndag morgon. Der organiserte dei
elevane i grupper og kven dei skulle på besøk til.
Vi fylgde ei gruppe
på åtte elevar, med blanding frå alle fire klassene:
Ingunn, Olav Erling, Øyvind, Laurita, May Helen, Birthe, Ingvill
Guro og Ingelin. Denne gruppa var på besøk hos Fredrik Stadheim
og Karl Stadheim.
Elevane
viste stor interesse og stilte mange spørsmål. Elevane kosa
seg, dei både mata og klappa dyra. Ei av dei andre gruppene hadde
hoppa i høyet, og dei modigaste let kalvane suge på fingrane.
Vi fekk berre positive svar då vi spurte elevane om korleis dei
likte seg på gardsbesøket, men det var eit lite minus
lukta.
Gruppa som vi fylgde
var så heldig at dei fikk plukke eple oppe med Fredrik Stadheim
og på onsdag laga dei eplekake. Dei enda besøket med ein
tur opp til det gamle kvernhuset som ligg oppe ved Haugedalselva.
Dei modigaste let
kalvane suge på fingrane....
|