KJELLSTADSGARDANE
Kjellstadsgardan
i Langedalen er truleg av dei aller eldste buplassane i Sunnylven. Den
80 år gamle lærar Johannes J. Kjellstad fortel at namnet Kjetilstadir,
som var det opphavelege, truleg skriv seg frå vikingtida.
Ei segn som elles
vil gjere greie for namnet Kjel-stad fortel at ein koparkjel fylt
av pengar ligg nedgraven i vassmålet ved elva og med ein steinhaug
over seg (Gasenhaugen).
Denne kjelen kunne
ingen få tak i då den vart vakta
av både Lindorm og Lappegro.
Langt attende i tida
vart garden delt i to jamstore bruk med buplassar på Svødebakken
og Løhaugen. Desse gardstuna låg slik til at det var lett
å verje
seg mot åtak frå uvener og ilgjerningsmenn.
I nyare tid har dei
to bruka vorte heitande Framigard og Heimigard.
AV:
KJETIL ARNE
|