Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 48 2000
Skoleavis for Norsk nettskole
Dette nummeret er laget av 4. klasse
 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10


Trollhammaren på Ljøen

Det skulle vere juledans på Øvre Ljøen. På vegen til dansarstova kom ei jente frå fylgjet sitt. Ikkje var ho i dansarlaget, og ikkje kom ho heim att dit ho tente. Dei vyrde kje’ leite etter henne fyrste dagen ho var vekk, tenkte ho kom vel att av seg sjølv.

Men då ho ikkje var attkomen morgonen andre dagen, for folk av huse på leiting, men ho var ikkje og finne. Fyrst neste dag skjøna dei kva som hadde hendt.

Tett attmed Trollhamaren fann dei beltet hennar med slire og kniv.

Det var greitt, ho måtte vere teken inn i berget. Sistpå fekk dei sjå føtene hennar så vidt stikke ut or ei berggløvre. Beltet med kniven hadde dei underjordiske på ein eller annan måte fått av ho, for elles kunne dei ikkje rå med henne, då stål frelsar for trollskap.

Det vart brukt mange råder til å få jenta ut att, såleis skaut dei skot etter skot, men utan verknad. Så for dei i veg etter presten. Soknepresten sende i veg kapellanen, hr: Grip. Ja, Grip han kom på Ljøen, og kyrkjeklokka henta dei dit ut.

Dei ringde med klokka, og presten preika kraftig med andletet vendt mot berghamaren, men det hjelpte ikkje.

Så stemnde presten i og song, og dei andre i lag med: "Så må han vige den fule ånd, med sine gloende pile". Då kom jenta att. Då hadde ho vore vekk på sjette dagen. Ho var ikkje lik seg, var noko rar ei tid etterpå. Ho ville ikkje ha noko snakk om kor ho hadde hatt det då ho var borte.

Ole Hjalmar