|
|
|
Jomfru Maria, ospa og fura 
Ein gong var jomfru
Maria ute og for. Så vart det eit overhendig regnver. Då gjekk
ho og skulle få livd for regnet.
Men ospa ville ikkje at jomfru Maria skulle få sitje der, ho let
det drype på henne verre enn om sat under berr himmel.
Då banna jomfru Maria at ospa skulle skjelve av redsel for det ho
var så miskunnslaus. Og såleis har det vore sidan med ospa.
Jomfru Maria gjekk så bort under ei fure. Ho livde så godt
for regnet at jomfru Maria velsigna henne og sa at ho hadde ingen å
vere redd, og barnåler skulle ho få ha på seg heile
året, så ho kunne gjeve andre livd til ei kvar tid.
Frode
på Hellesylt
|