Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 48 2000
Skoleavis for Norsk nettskole
Dette nummeret er laget av 4. klasse
 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10


Grønsaksuppe til heile skulen

Alle fekk smake gulrot og kålrot i dip.

På onsdag var det ei gruppe som laga grønsaksuppe; Laurita, Ida Katrin, Ingvill Guro, Øyvind, Olav Erling og Henning. Det var óg ei gruppe som laga rundstykke til suppa; Frode, Liv Tone og Linn Helene.

Nokre av elevane hadde teke med seg grønsaker frå heimen, og dei brukte epla dei hadde fått med Fredrik Stadheim.

Elevane synast ikkje det var så vanskeleg, dei gjorde det meste, utanom å skrelle grønsakene.

I matfriminuttet hadde dei ein ”demonstrasjon”, der heile skulen fekk smake gulrot og kålrabi i dip.

Alle ungane såg ut til å ha det kjempe kjekt, alle var engasjerte.

Dei vil gjerne få lov til å gjenta dette oftare!!!