Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 49 2000
Skoleavis for Norsk nettskole
Dette nummeret er laget av 5. klasse

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10

Nybygget ved skulen vår skal rivast

At nybygget skal rivast, kom svært uventa på oss. Vi tok eit intervju med rektor Roar Magne Seljeset for å få vite meir om kva som er gale.

Kva synest du om at det skal rivast?

: Det er dumt, det er og dumt at denne feilen er så stor.

Kva er feilen?

: Det er jernarmering mellom etasjane for å forsterke betongen, feilen er at det er brukt for lite jern.

Kan vi risikere at det dett ned viss det kjem mykje snø?

: Tja, det kan kanskje skje, men då må det bli mykje

Kan det vere farleg å vere i bygget?

:Nei, men 1. og 2. klasse må flytte frå bygget

Kor lenge kan det gå for det blir bygd opp att ?

:Det er ikkje sikkert enno

Kan bygget bli stengt?

:Ja det blir det vi flytter ut i dag

Blir det hol igjennom veggen eller vert det bygd opp ein vegg?

:Ja det blir sett opp ein vegg der det er hol

Blir det masse bråk for 6 og 7 klasse?

: Ja, det blir det

Kvar gjer de av alle tinga?

:Vi må nok spreie dei utover på fleire rom her på skulen

Blir det liten leikeplass?

: Den blir liten

Blir bygget endra, eller blir det likt slik det var?

: Det blir ganske likt med nokre få endringar

av Rebecca og Benedikte