Startside for Norsk nettskole

   Globalnytt 51
   Skoleavis for Norsk nettskole
  

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10


Advent og jul i Fjørå

I Fjørå har vi adventsfest, og der eter vi graut.  Det er den første søndagen i advent.

Dette feirar vi på ungdomshuset i Fjørå. Vi tenner julegrana også. I romjula har vi juletrefest der dansar vi og syng julesongar rundt juletreet, og vi på Fjørå skule har underholdningen. Så kjem julenissen og hjelparane hans og gir oss godteri.

Dersom det er vert til det, lagar vi til akedag i romjula. Då seier vi frå til alle at det er akedag. Så stenger vi vegen som går opp i bygda. 

Dei som vil ake blir køyrde opp i bygda. Så er det berre å sette utføre og nyte dei tre kilometerane ned til skulen. Det går fort i svingane, dei som har rattkjelke køyrer først, og dei med akebrett køyrer sist. I dei siste åra har det vore mellom 50 og 100 vaksne og born. Når vi kjem ned, får vi kakao, og det gjer godt, for det er som regel kaldt.

Øyvind Magne og Nina