Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 6 2001
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10

Bønder på datakurs

Det er viktig for lokalsamfunnet at det blir lagt til rette for variert og allsidig bruk av skuleanlegget, slik at det kan vere ein samlingsstad for ulike kultur- og aktivitetstilbod. (L-97)

Kjetil Eide instruerer Kjell Arne Dyrkon (t.v.) og Olav Gerhard Lade.

Når vi ved Sunnylven skule no har eit nettverk med til saman 27 maskiner til bruk for administrasjon, lærarar og elevar, er det hyggjeleg å kunne seie ja til datakurs for bygdefolket. Slike kurs har vore haldne i skulen sin regi tidlegare. No har vi for tida ikkje kapasitet til det, og bonde- og bondekvinnelaget står som arrangørar denne gongen.

Under kyndig rettleiing av Kjetil Eide har 8 bønder denne helga lært tekstbehandling. Dei neste helgane skal nye 20 på kursbenken.

- Både kjekt og lærerikt, var attesten etter første helga.