
Offisiell
opning av tilbygg på
AV-senteret/Norsk
nettskole
Fredag 16. februar
markerer AV-senteret at det nye tilbygget er ferdig og eit halvår
som anleggsplass er over. Vi feirar også at Norsk nettskole er registrert
som eit eige foretak under AV-senteret AS. Det er meininga at all fjernundervisning
frå AV-senteret etter kvart skal ligge under nemninga Norsk nettskole.
AV-senteret
AS og Norsk
nettskole
Eigarane i selskapa er kommunane Sande, Sykkylven, Sande
og Volda.
Styret har 5 medlemmer:
Harald Lillestøl - Sande
Ola Longva - Sykkylven
Gunvor Strand - Vanylven
Sverre Lillestøl -Volda
Ståle Ytrestøl - Volda
Selskapa arbeider etter ein formålsparagraf som seier at all eventuell
forteneste skal gå tilbake til vidareutvikling av verksemda slik
at brukarane er dei som har nytte av at drifta går godt.
Målsetjing:
Selskapet er eit kompetanse- og ressurssenter for utdanning og læring.
Grunnskule er eit prioritert område.
Norsk nettskole er godkjent som frittståande fjernundervisningsinstitusjon.
Selskapet har som mål at alle tilbod skal halde høg kvalitet
både teknisk og pedagogisk. Til grunn for den pedagogiske verksemda,
ligg trua på at mennesket sjølv må bygge eigen kunnskap
ut ifrå den informasjonen og dei erfaringane det har tilgang til.
Dette skjer best i samarbeid og samhandling med andre menneske, selskapet
vil legge til rette for at slik samhandling skal ha høg kvalitet
også ved bruk av fjernundervisning og moderne teknologi .
Selskapet vil
- · tilby grunnutdanning, etterutdanning og vidareutdanning
der moderne informasjonsteknologi blir brukt som reiskap.
- · både utvikle eigne tilbod og tilby utdanning i samarbeid
med private og offentlege institusjonar.
- · ta på seg oppdrag med å legge til rette nettbasert
læring for offentlege og private institusjonar.
- · heile tida utvikle, og ha moderne didaktisk tenking og metodikk
knytt til nettbasert læring. Denne kompetansen blir stilt til
rådvelde for andre gjennom ei rettleiingsteneste for skule- og
organisasjonsutvikling, der etter- og vidareutdanning er ein del av
tilbodet.
- · tilby pedagogisk og teknisk rettleiing til kommunar og skular
som vil ta i bruk informasjonsteknologi i opplæringa.
- · tilby og selje læremiddel med vekt på lyd, bilde
og multimedia, og utvikle dette slik at det kan nyttast saman med moderne
informasjonsteknologi.
Arbeidsområde
Norsk nettskole
Grunnskule
Grunnskulen på Internett har blitt driven som eit prosjekt med støtte
frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet.
Skulen rettar seg mot norske grunnskuleborn i utlandet, mot born i grisgrente
strok i Noreg og born som av andre grunnar har vanskar med å kunne
gå på vanleg skule.
Vi har no ca 120 elevar i Norsk nettskole, frå 3. til 10. klasse.
Fagkrins: norsk, samfunnsfag og KRL.
Vidareutdanninga
I samarbeid med høgskulen i Volda har vi tilbod om vidareutdanning
i "IT for lærarar" og "Forvaltningsrett".
It-studiet er på 10 + 10 vekttal, og AV-senteret/Norsk nettskole
legg til rette undervisninga og driv studiet, med fagleg leiing av Avdeling
for lærarutdanning.
Studiet har no ca 210 studentar.
Studiet i Forvaltningsrett blir drifta teknisk av AV-senteret/Norsk nettskole,
med Avdeling for samfunnsfag som ansvarleg og leverandør av innhaldet.
Dette studiet har no ca 150 studentar.
Etterutdanninga
Denne delen av verksemda blir i hovudsak driven frå avdelinga vår
i Aurskog. Vi har her fire kurs, alle retta mot skuleverket:
IT for lærarar
IT som læringsverktøy
Tilpassa opplæring
Rettleiarkurs
Kursa har eit innhald som tilsvarer 60-70 timars arbeid, og vi har ca
1800 deltakarar.
Arbeidsområde
AV-senteret AS
Kassettskulefjernsynet
Vi tar opp og distribuerer undervisningsprogram frå NRK. Ca 500
skular over heile landet abonnerer på denne tenesta.
I vårt arkiv har vi liggande fleire tusen program frå midten
av 80-talet og fram til i dag. Vi tek også opp andre program, t.d.
dokumentarprogram, som vi kan formidle til skulane.
Massekopiering
I vårt moderne, heilautomatiske kopieringsanlegg, kopierer vi video
for bedrifter, lag og organisasjonar, til konkurransedyktige prisar, og
med høg teknisk kvalitet.
Innbinding
Vi har utstyr for innbinding av hefte og oppgåver, både med
spiral og limt rygg.
Scanning/konvertering
Vi overfører smalfilm til video, og vi konverterer video mellom
europeisk og amerikansk system.
Samarbeid med Læringssenteret
Lenkesamling
Vi har gått inn samarbeid med LS om å ajourføre og
vedlikehalde lenkesamlinga som ligg på Skolenettet som ein læringsressurs
for skuleverket i Noreg.
Pilot
Pilot er eit nasjonalt satsingsprosjekt for å styrke IKT i skulen.
Læringssenteret har gjennomføringsansvar for dette, og frå
dei har vi fått oppdraget med å avvikle eit prøvekurs
som fjernundervisning for personar som skal ha ansvar for tilrettelegging
av prosjekt i Pilot sitt publiseringsverkty.
Ressurssider i norsk
Vi utviklar også eit sett med resurssider i norskfaget som skal
ligge på Skolenettet sine sider.
Nettsider for MultiMediaLab
Vi har vedlikehald og drift av ein nettstad om presentasjonsverktyet "MultiMediaLab"
Statens Utdanningskontor i Møre og Romsdal
Bladet "Miljønytt" og nettsidene for "Miljølære
i Møre og Romsdal" og "Skolebasert vurdering" har
vi hatt ansvaret for i fleire år.
IT-rettleiing
Hovudutvalet for undervisning i Volda, har engasjert oss til å drive
teknisk og pedagogisk IT-rettleiing for barnehagar og grunnskular i kommunen.
12 bilder og 1000 tankar
Dette er eit undervisningsopplegg der ein brukar kunst til inspirasjon
og kraftkjelde i dei fleste skulefag, og på alle alderstrinn.
Opplegget er laga av kunstnaren Astri Eidset Rygh, og formingspedagog
Halldis Hamsaas.
Tilsette
Bilder
frå AV-senteret / Norsk nettskole etter at tilbygget kom på
plass.
|