Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 7 2001
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10

Harry Potter og de vises sten ( bok 1)

Det starter med at Familien Dumling finner Harry Potter på trappa. Dumlingane veit om oppveksten hans men det veit ikkje Harry. Derfor gjer onkel Wiktor og tante Petunia alt for at Harry ikkje skal vite at han er ein stor trollmann. Men ein dag reiser onkelen, tanta, søskenbarnet Dudleif og Harry sjølv på ferie slik at Harry ikkje skal få lese dei breva han har fått frå rektoren på Galtvort, Albus Humlesnurr. Men rett etter dei har pakka ut kjem skogvokteren på Galtvort, Gygrid for å hente Harry til Galtvort, Harry Potter og Gygrid reiser til Diagonallmeningen for å kjøpe dei bøkene han treng for å fullføre det første året på Galtvort, det blir eit travelt år for Harry han får venner som for eksempel Ronny Wiltersen og Hermine Grang, men han får også fiender som Draco Malfang og hans tjenarar Krabbe og Gurgel.

Harry Potter og mysteriekammeret ( bok 2)

Det andre året på Galtvort møter Harry nye prøver og plageåndar, blant anna ein sjølvdiggande ny lærar som heiter Gyldeprinz Gulmedal, eit spøkelse ved namn Stønne-Stina som hjemsøker jentedoen, og påtrengande beundring frå Ronnys lillesøster Gulla og ein annan førsteklassing. Men alt dette verkar som små irritasjonsmoment når dei virkelige problema byrjer. Nokon- eller noko- forsteinar elevar på Galtvort. Kan det vere Draco Malfang, ein mer utspekulert rival enn nokonsinne? Kan det muligens vere Gygrid, som har ei mystisk fortid som no endeleg vert avslørt? Eller kan det vere den alle på Galtvort mistenkjer mest…… Harry Potter sjølv!!!

Harry Potter og fangen fra Azkaban (bok 3)

Denne boka er som dei to første veldig spennande, den handlar om at Harry Potter har kome tilbake etter det andre skuleåret på Galtvort. Då må han heimat til Dumlingane som består av tante Petunia, onkel Wiktor og hans tjukke fetter Dudleif, Harry må som kjent bli tatt vare på av Dumlingane fordi faren og mora blei drept av den onde trollmannen Voldemort. Men ein dag blir det nok for Harry som reiser med buss frå Hekkveien til Diagonallmeningen. Der møter han leiaren i Magidepartementet Hr. Kornelius Bloeuf. Han blir på Diagonallmeningen heilt til kameratane Hermine Grang og Ronny Wiltersen kjem, dei reiser til skulen deira som heiter Galtvort. Når dei kjem fram, skal Harry begynne med rumpeldunk igjen etterkvart dukkar andre mysterier opp…..

Hans Jørgen, Hellesylt

http://harrypotter.warnerbros.com Den offisielle Harry Potter siden

http://www.geocities.com/EnchantedForest/Mountain/5101/index.html uoffisielle fansider

http://www.harrypotternet.co.uk/ uoffisielle fansider