Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 7 2001
Skoleavis for Norsk nettskole

 
Startsida
Leder
Mat
Gåter
Humor
Testen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser

Klasserom

  3 4
5 6 7
8 9 10


Tilhøva ved Sunnylven skule
Sjå også Globalnytt 49 2000


Tidlegare datarom i nedrasingstrua nybygg

Flytting til musikkrommet!

Av Ingrid, Anne Lise og Rebecca

Det er litt dumt at vi i 5. klasse må flytte inn på musikkrommet, men vi håper at vi får det fint der inne. Grunnen til at vi må flytte er at det skal bli datarom på klasserommet vårt. Det er fordi nybygget skal rivast og at skulen ikkje kan ha datamaskinene der. Det er heller ingen andre rom som passar til datatrom.


Noverande datarom.


Musikkrommet, 5. klasse sitt klassrom.

Spørsmål til Roar Magne Seljeset, rektoren vår:

1) Kvifor måtte vi flytte inn på musikkrommet?

Svar: For at vi er dei eineste som ikkje har klasserom saman med andre og at det er for få klasserom på skulen.

2) Kvifor kan ikkje 7. klasserommet være datarom?

Svar: For at dei brukar rommet til undervisning og datamaskinene ikkje kan brukast når dei er der.

3) Kvifor det går så treigt med arbeidet på nybygget?

Svar: Vi ventar på at kommunen skal bestemme seg.

4) Kvar skal korpset og dei andre øve no når vi skal bruke musikkrommet?

Svar: Vi får diskutere med korpset om dei kanskje kan bruke gymsalen eller musikkrommet likevel.

På musikkrommet skal det ei gammal skyvedør bytast ut med ei ny og lydtett dør. Det trur vi vert bra. Vi håpar også at nyrommet vårt skal verte pussa opp litt før vi flyttar inn. Kanskje får vi lov til å gjere noko sjølve? Vi får tru det vert bra!


Tidlegare nytt kjøkken i dårleg bygg.