Globalnytt
8 2001
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
DIALEKT-ORD
FRÅ BØFJORDEN, SURNADAL OG TODALEN Forklaringa er på dei understreka orda! Du er eit slik åfyllfat. Eit
åfyllfat et forfærdeleg mykje, han karrar åt seg alt han kan få. Irene brukar buksgrei. Buksgrei er eit anna ord for brokselar. Det var endeleg elrå i går, likevel nokre bårer. Elrå betyr opphaldsver, bårer er bølgjer. Ho satt med bundingen. Bunding er strikkety. Brynjar og Maria er geilkalvar. Dei er like gamle. Det var ein god åbit du stelte til i dag. Åbit er det same som frokost. Ho Oddny er ser-it. Den som er ser-it, er kresen på maten. Herr Müller kjøpte ein kvartill med sild. Ein kvartill er ei måleeining på ei kvart tønne. Ho mor bre han hans om å gjera-punn. Han Hans skulle reie opp senga si, han. Det veks gullbæst borti bakken. Løvetann. Ho bestemor er flink med tvurua. Eit røre-redskap av tre. Han Kåre Olav er så tuskje hautullinj. Forferdeleg svimmel. Pizza er furkund for stakallungane no til dags. Når noko er furkund er det godt og attraktivt. Stakkalungar er eit litt komisk ord for gutar. Ei rispit gjekk nede på jordet. Ein ho-sau (tikse) som enno ikkje har lamma. Ola bolsar fælt. Ein som bolsar skryter og lyg. Det er så skakk-å-skyldt alt med Nina. Det er dårleg orden på sakene, gjerne rotete. I rannsla tok han Trond med seg jakken. I farten... Sivert er veldig tatlåt og redd for krøttera. Sivert er pysete og redd kyrne. Koppane er sutlåt. Dei er skitne, uvaska. Sissel prøvde å tørn'-ut han Bjørn. Å tørne-ut vil seie å vekkje.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||