Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 22
Skoleavis for Norsk nettskole

 

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

 5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida  

Gravplassen!

Søndag 23. april var eg og nokre vener på gravplassen i Sucre. Eg har lyst til og fortelje litt om kva vi såg og opplevde.

Inngangen til gravplassen er ein stor port. Der sit det ofte blinde som ber for sjelene til dei døde. Gravplassen her er som ein stor hage. Mellom alle trea og blomane er det bygd store veggar som etasjehus eller blokker. I desse blokkene er dei fleste begravd bak eit flott pynta vindauge. Men alle er ikkje begravd slik somme ligg i familiegraver, mausoleum.

Heilt i enden av gravplassen er det store hus der gjekk me ned mange trapper. Heile huset var fult med gravkammer. Me var der og tok ein titt.

Då me kom ut av huset gjekk me eit stykke bortover stien. Då såg me at det kom røyk opp frå jorda. Me gjekk bort for og sjå. Der var det ei kiste. Oppe i kista låg det nokre sko og det stakk ut nokre bein det låg også noko tøy der, det var brungult. Det var ein mur der. Noko av muren var reve ned, me kunne sjå rett ned i noko svart gugg og det lukta fælt. Me kom oss fort vekk derifrå.

Så ville me sjå på fleire graver. Då me hadde gått og sett ei lita stund, kom me til ein plass der dei heldt på å begrava nokon. Det seiast at det var ei ung jente, men eg er ikkje heilt sikker. Når det er begravelse her i Bolivia er alle kledd i svart og dei gret. Dei legg masse blomar oppå kista og det står mange blomar att utanfor. Ofte vert den døde begravd same dagen eller dagen etterpå.

Denne turen til gravplassen var skremmande og trist. Då me såg liket vart eg redd, og då eg nesten hadde kome over det, kom me til begravelsen og då vart eg lei meg.

Eit slikt besøk på ein gravplass får ein til og tenkje på mange ting.

Ingunn i Bolivia