|
 |

Sverre Leivdal - 30 ÅR!
Eg vart født i Trondheim, den 7/7-1969, og fylde altså 30
år i år. Mitt første leveår budde eg i Levanger, seinare flytte
foreldra mine til Batnfjorden på Nordmøre.
Dei første åra budde vi i
eit boligfelt, men i 7 års alderen vart eg tvangsflytta til ein gard
lenger oppe i bygda.
Der vart det etterkvart triveleg å bu, men som så
mange vart eg råka av utferdstrang, eg ville ut i den store verda. Eplet
fell ikkje langt frå stammen heiter det, begge mine foreldre er lærarar,
ja farfar var og av sorten forresten.
Overraskinga var difor stor då eg
reiste til Bindalseidet for å freiste lukka som lærarvikar. Brått vart
eg kalla inn til teneste av sjølvaste kongen, eg måtte altså kle meg i
kongens klede.
Turen gjekk til Lillehammer og
Jørstadmoen, seinare bar
det nordover til Bardufoss. Lærarvikariatet var ikkje avskrekkande nok,
for no hadde eg teke avgjerda.
Det var lærar eg skulle bli. Helgeland og
Nesna neste. 3 år i Petter Dass sitt rike var nok, no gjekk ferda til
Ål
i Hallingdal. Kufferten var større no enn sist, for med på turen var
både Honndalstaus og odelsgut.
Året på Ål ga resultat for då vi
reiste derifrå var vi fire. Etter eit år heime på farsgarden i
Batnfjorden, pakka vi sekken nok ein gong og flytte til mi kjære kone
sitt bestefarshus i Honndalen.
Her bur vi på femte året og vert vel her buande. Eg pendlar til Hellesylt, der eg arbeider som lærar og rektor ved
Sunnylven skule. Dette året er skulen så heldig å få vere med på Norsk
nettskole sitt prøveprosjekt. Det er ei stor utfordring som vi håpar å
få vere med på også til neste år.
STUDIER
OG ARBEID
Her har eg
studert: Høgskolen i Nesna, Høgskolen
i Sogn og Fjordane, NTNU(Allforsk),
NITOL
Her har eg
arbeidd: Bindal kommune,
Nesna kommune, Gjemnes kommune, Ål kommune, Stranda
kommune (Hellesylt),
Vartdal
fiskeriselskap A/S, Nesnakiosken A/S, +++
Sverre |

Dei to gutane vår på
17. mai -99 |
|