Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 48
Skoleavis for Norsk nettskole

 


Lederen

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

 5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida  

TID

Denne gongen vil eg skrive om tid. Mykje er sagt om tid og ikkje noko av det eg seier er nytt. Likevel vil eg bruke tid på å skrive om tid, kvifor? Fordi eg har lita tid og må skrive ferdig leiaren før han Helge skal lage ferdig Globalnytt? Ja; det og, men tid er så mykje meir enn dårleg tid, tida er uendeleg seier hinduane. Det finst ikkje byrjing, det finst ikkje slutt. Likevel tykkjer eg det vert for lite tid... Tid til å gjere det eg eigentleg vil gjere.

Slik som i dag, eigentleg ein heilt vanleg dag. Kona er i Ålesund på si 4. praksisveke, (ho studerer 2. avdeling spes.ped). Eg står tidleg opp saman med dei to gutane, køyrer til skule og barnehage, hentar ein kollega som skal sitje på inn til Hellesylt og rekk akkurat første time.

Brått er skuledagen over, elevane reiser heim og vi kan ta til med fellesmøtet. Eg har så vidt fått tenkt igjennom kva vi må diskutere, før eg startar møtet. Etter å ha avslutta dagen med klassemøte på u-steget har klokka bikka fire. Kollegaen og eg hastar bort i bilen og byrjar på heimturen. Vi må skunde på skal vi rekke barnehage og Sfo før det stenger. I Honndalslida er det tett snødrev og svart asfalt, vi ser ingenting. Heldigvis er det lys i barnehagen og jammen finn eg eldsteguten nedmed skulen. Vi rekk å få i oss ein frosen pizza frå Stabburet på Stranda, før det er barne tv, høgtlesing og kortspel.

Tida går fort i koseleg lag, og med eit er det leggetid, tannpuss og godnattasuss. I det eg kjem ned i frå loftet, ringer telefonen. Eg går for å svare og kikkar opp på kjøkenklokka. No er ho vorten fem over ti, forskrekka må eg konstatere at minst ein time har forsvunne. Eg trudde ærleg talt klokka var halv ni, kvar vart det av tida?

Svaret kan de sende til meg på e-post.

Om du har tid?

Helsing Sverre