|
|
![]() |
|
Av Britt Alice Helset og Synnøve Ringdal Ideen om å ha ei Grunnskuleveke kom opp i Foreldreutvalet for grunnskulen, kyrkje -utdannings- og forskningsdepartementet allereie i 1986. FUG fekk med seg lærarorganisasjonane, og fekk oppretta Grunnskuleveka.
Søker nettverk med lokale aktørar Av Irene Bonsaksen, Jan-Arne Janssen, Trond Ljøen og Per Stian Alme Dette året har grunnskuleveka ved Sunnylven skule handla om å knyte nettverk i lokalsamfunnet. Målet har vore å knyte varige kontakter med kunstnarar, lag og organisasjonar i bygda. Veka enda i ein open kveld med stor aktivitet. Vi fekk sjå program frå scena, utstillingar av elevarbeid, geitemjølksmaking og informasjonsstander frå nokre av laga i bygda. Grunnskuleveka Elevane i 8. og 9. kl. meinar at grunnskuleveka er ein positivt tiltak. Dei synest at temaet er kjekt, og dei får jobbe sjølvstendig. Det er med på å bryte opp den ordinære undervisninga. "Vi jobber i grupper og fordelar arbeidet jamnt mellom oss. Gruppene fungera bra og samarbeidet er på topp. Vi er engasjerte og lærer kanskje meir enn ved vanleg undervisning" seier Anita Frøysa og Elisabeth Hauge. |
|||||||||||||||||||||
|
|
Jan |
Trond |
Per |
|||||||||||||||||||
| Auka
interesse
Lærarane vi har snakka med meiner at elevane får auka interesse ved å arbeide både med gruppearbeidet og den uvanlege arbeidsmåten. Ein av lærarane ved skulen, Solfrid O Lien meiner at dette tilbodet bør vere tilgjengeleg minst ein gong i året. At elevane likar måten å jobbe på, gjer at dei både blir meir engasjert og dei lærer meir. Det gjev eit nærare samarbeid både mellom lærarar og elevar. Lærarane prøver å hjelpe elevane minst mogleg, slik at elevane lærer å finne svar på problema sine sjølve, og lærer å jobbe sjølvstendig, det er viktig for alle både no, og i åra framover. Foreldra meinar at grunnskuleveka er eit veldig positivt tiltak, det er eit flott høve til å skape nettverk mellom skulen og lokalsamfunnet. Elevane får lære mykje om kulturen i nærmiljøet, og det er eit tema som alle i heile bygda har nytte av, både barn og vaksne og ikkje minst laga og organisasjonane. Engasjerer born og unge Vi har snakka med leiaren i ungdomslaget, Kjersti Langeland. Ho meiner det er flott at skulen har eit slikt tema. Det er ein veldig grei måte å knyte kontakt mellom lag/organisasjonar og skulen. Elevane vert meir medvitne på at det går an å ta kontakt med organisasjonane. Laga slepp å gå ut med informasjon for at andre skal få vite kva som skjer. Temaet engasjerer både barn, ungdom og vaksne, og det er med på å oppretthalde tilboda til alle på Hellesylt. Småskulen 1- 4 klasse har arbeidd med kunst i lokalmiljøet og kommunen. Målet med arbeidet var å lære om ulike kunstuttrykk og lære å lage kunst gjennom praktiske aktivitetar. Dei skulle og knyte varig samarbeid med kulturskulen. "Vi har hatt besøk av Margrete Ringdal. Ho fortalde om kulturskulen og lærte oss å måle bilde på glas og papir. Eg synest det har vore kjekt å jobbe med dette i grunnskuleveka", seier Øyvind Hole. Mellomtrinnet Mellomtrinnet arbeidde med tre hovudområder: lokale diktarar, musikarar og biletkunstnarar. Ei av gruppene har hatt om Olav Ringdal, Oddvin Parr, Eldar Parr og Olav Elias Kjellstad. Gruppa bestod av Kjell Olav Hauge, Leif Rune Tryggestad, Ole Alexander Ringdal og Kjetil Andre Langeland. Alle kunstnarane dei har hatt om, har treskjering som sin spesialitet, men driv også med biletkunst, oljemåling og trykk. Dei har sett på nokre kjente kunstverk, til dømes "Stjernebildet" av Olav Ringdal. Gruppa fann stoff gjennom bygdeboka, besøk og oppringing. Dei synest grunnskuleveka er litt hard, fordi det er vanskeleg å jobbe så sjølvstendig. "Men målet til gruppa er å få eit godt resultat og ei god framføring", seier Kjell Olav. Ungdomsskulen 8 - 9 klasse har hatt om organisasjonar i bygda. Målet med arbeidet var å knyte langvarige kontakter til organisasjonar i bygda. Elevane skulle velje organisasjonar, knyte kontakter og lære meir om kvar av dei. Gruppene har hatt framsyning av sin organisasjon med utstilling og veggavis. Dei fekk også besøk av nokre av organisasjonane. Ei av gruppene har arbeidd med 4H. Gruppa bestod av Anita Frøysa, Elisabeth Hauge, Hilde Sporstøl og Aud Jorunn Frøysadal. Nokre av dei er medlemar privat og det var ein av grunnane til valet. "Grunnskuleveka er artigare enn vanleg skule og vi likar at vi får meir ansvar til eige arbeid. Vi vil også prøve å få eit godt resultat", seier Anita Frøysa.
|
||||||||||||||||||||||