|
|
![]() Foreldre |
|
NORSK NETTSKOLE NORD I MONGOLIA DEN NORSKE SKOLEN I DARHAN Av Berit Hauge Nord i Mongolia, 15 mil frå den russiske grensa, ligg Mongolias nest største by – Darhan med sine ca. 80.000 innbyggjarar. Sidan 1995 har Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) drive bistandsarbeid i byen og dei næraste fylka. I 1998 starta NLM opp norsk skole her. Skolen blir drive i samarbeid med elevar og lærarar frå andre land, for tida Tyskland og Storbritannia. Dei norske elevane får undervisning etter norsk fagplan, dei andre elevane etter sin plan. Dei har ein del felles fag, som kunst-og handverk, kroppsøving og engelsk/tysk som framandspråk. Skolen er for liten til å kunna bli fullt ut godkjent som offentleg norsk skole, den mottar statstilskot for kompletterande undervisning. Dette året er det 5 norske elevar frå 1.til 6.klasse, samt 7 andre utanlandske elevar. Me har fletta Norsk nettskole inn i den ordinære timeplanen. Ingebjørg i 5.klasse og Martin i 6.klasse er elevar ved nettskolen. Dei har 5-6 timar pr. veke til å arbeida med nettskolefaga. Dei får også "vanleg" undervisning i norsk utanom, 3-4 timar pr. veke. Frå august til oktober i år var eg lærarvikar på skulen, og hadde blant anna ansvar for dei timane desse to har nettskolefag. ERFARINGAR MED NORSK NETTSKOLE For skolen her har det verka positivt å delta i Norsk nettskole. Det er eit lite lærarkollegium her (1-2 norske lærarar) og det er mykje planleggingsarbeid spart med å følgja nettskoleopplegget. Det er ein lærar som har ansvaret for å følgja opp det elevane arbeider med i nettskolefaga og denne er alltid tilgjengeleg for nettskoleelevane når dei arbeider med oppgåvene. Me har også anna undervisning i norsk, fordi me synes stoffet for nettskolen er for lite når elevane ikkje har anna førstespråksopplæring. Denne tida brukar me til høgtlesing, skriftforming, tema- og prosjektarbeid m.m. Me merkar også at det er lettare å motivera elevane til å strekkja seg lenger når læraren er litt på avstand, slik nettskolelæraren er. Her hos oss er lærarar og elevar næraste naboar (eller foreldre/barn) og det blir ein veldig tett kontakt både på godt og vondt. Det har vore artig å sjå korleis oppgåver gitt på nettskolen, kombinert med oppfølgjing av lærar her, har stimulert elevane til større skriveglede. Eit problem med å integrera nettskolen inn i ein ordinær norsk timeplan, er at mange av timane blir veldig låste. Me kunne ofte hatt bruk for å ha alle norsk, samfunnsfag og KRL-timane til disposisjon for tema- og prosjektarbeid som me held på med. Me får sjå litt etterkvart korleis dette går seg til.
Det er som å ta eit skritt frå ei verd til ei anna når me går ut gjennom skoleporten her. Inne på skolen har me flotte norske lærebøker, me har datamaskinar og når me koplar oss opp til internett, er det som om Norge er inne i klasserommet. Men skoledagen tar slutt, og me går utanfor skoleområdet. Der er det kyr som går og beiter på det dei finn på vegen eller i vegkanten. Der kjem skolebarn frå 8 år og oppover som ber skolebøkene sine i ei lita veske. Dei har ikkje trykte bøker, dei har kladdebøker der dei skriv ned det læraren skriv på tavla. Eller me møter barn som ikkje går på skolen, fordi foreldra ikkje har råd til å senda dei dit. Me går forbi ein gateport der det står fleire mannfolk og heng. Dei bankar på porten og ut kjem ei jente i 11-12 årsalderen. Ho tar i mot pengane deira og gjev dei ei flaske heimebrent i bytte. Mennene set seg ned like utanfor porten og begynner å drikka av flaska med det same. Sannsynlegvis sit eller ligg dei der neste gong me går forbi også. Mongolia er eit land som gjekk over til demokrati og marknadsøkonomi i 1991. Dei økonomiske problema i landet er store, det offentlege budsjettet strekk ikkje til. Arbeidsløysa er stor, og alkoholen skaper enorme problem i samfunnet og i dei enkelte familiane. Nokre få har blitt veldig rike dei siste åra, men dei fleste blir fattigare og fattigare. Myndighetene jobbar for å få landet på fote igjen. For oss som er bistandsarbeidarar i NLM, er jobben å prøva å hjelpa landet innanfor sektorane undervisning, jordbruk og helse. Men er alt håplaust? Nei, her er mange som vil noko godt for landet sitt og for folket sitt. Mongolane er tradisjonelt sterke og uthaldande folk. Dei har budd i generasjon etter generasjon her ute på dei endelause steppene på Asias høgland. OPPVEKST I EIN ANNAN KULTUR Som foreldre til fire barn, der den yngste er eitt år og den eldste er elleve, er me opptatt av at dei skal få med seg gode opplevingar i frå tida her. I løpet av opphaldet her får dei blant anna med seg språkkunnskapar, fantastiske naturopplevingar og kontakt med menneske med eit anna levesett. Barna lever eit liv langt borte frå reklamemakt og kjøpepress. Me er opptatt av at me skal leva eit godt liv der me er – her og no. Me prøver å ikkje setja Norge opp som eit draumeland og tru at det verkelege livet er der og unntakstilstanden er her. Me vil at barna skal ha ein mest mogleg smidig overgang til livet i Norge når opphaldet her er over. Her i Darhan er me heldige som kan la barna følgja norsk læreplan og dermed vera ajour med lærestoffet når dei kjem inn i klassar i Norge igjen. Nettskolen spelar ei viktig rolle i å halda kontakten med det norske skulesystemet og med barns kvardag i Norge. Berit Hauge |
||||||||||||||||||