|
|
![]() |
|
Fritid, kva skal vi nytte tida vår til? Kva skal ungdomen ta seg til med? I eit intervju kom vi fram til at ungdomane på Hellesylt vil ha ein samlingsstad. Mange av ungdomane er einige i at bygda burde hatt ein ungdomsklubb. Dette er kanskje eit lokalt problem, men truleg vil fleire nettelevar og vertselevar kjenne seg igjen. Vi vil gjerne ha innspel på dette. Kanskje kan vi starte ein forumdiskusjon om fritid. Kva bør ungdomen bidra med sjølv, kva bør ungdomen forvente at dei voksne legg til rette?
Av Silje og Therese i 10. klasse Ungdomen på Hellesylt Ungdomen treng noko å gjere på om kveldane, spesielt i helgane. Mange tykkjer det vert keisamt på Hellesylt.
Vil ha eit eige lokale!
Dei fleste ungdommane samlast på Hydro eller Gatekjøkenet nede i "sentrum" på Hellesylt.
Diskotek Ungdomane synest det er alt for lite diskotek. Det vert arrangert diskotek omlag ein gong i månaden, men det er ikkje nok.
Er viljug til å ta initiativ! Mange er viljuge til å ta initiativ, men dei vil gjerne ha hjelp både frå kommunen og dei vaksne. Øystein Runde, Jostein Wollsæter, Jan Roger Brekke og Britt Alice Helset er nokre av ungdomane som kan tenkje seg å hjelpe til, berre dei får eit lokale å vere i. Tilflyttarar Det er veldig mange unge tilflyttarar i bygda. Dei kjem for å arbeide på slakteriet og sjømaten. Mange av desse kjem langvegs frå, men på grunn av at her ikkje er noko å gjere på etter arbeidstid, vert dei ikkje her så lenge. Det er ein god grunn til å satse på fleire fritidstilbod! |
|||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||