|
Helge
Standal skrønar litt om seg sjølv:
Eg bur 176,5 m frå AV-senteret
i Volda.
Ungeflokken:
Har familie med tre barn frå 9 - 18 år.
Ida likar Backstreet Boys og judo, Marthe er bestevenn.
Siri spelar volleyball og les lekser i store mengder.
Bjarte kan det meste om norske TV-program, han har planar om å montere
diskolys på rommet sitt! Fritid:
I fritida dreg eg fort til fjells, fotograferer og klyv i Sunnmørsalpane.
Eg har vore på dei fleste fjelltoppane på Sunnmøre, det er fleire 100
fjelltoppar. Nokre timar går nok med i "bunkeren" i
kjellaren heime også. Der ruvar ein svær dataskjerm. I tillegg er der 10
000 lysbilete, det meste frå sunnmørsfjella. Utdanning:
Utdanninga mi er innan pedagogikk, med vidareutdanning i kroppsøving,
spes.ped og IT.
I det sistnemnde er eg komen eit stykke inn i mellomfaget. Travle
engasjement har stoppa opp utdanningsløpet, det er usikkert om eg får tid
til å kome vidare. Reising:
I 1977 var eg på reise i 6 mnd i ein gammal bil. Mellom anna i Iran,
Tyrkia, Jugoslavia og i Alpane. Klatra i fjella i alle desse landa. I 1997
reiste eg på nytt i gammal bil i 6 mnd. Denne gongen saman med familien. Vi
var i Hellas i 2 mnd, der vi budde mest på Antiparos.
Vi var innom dei fleste landa i Europa med lange opphald i Spania og
Portugal. Det var fint å kunne vise borna verdsdelen vår før dei vert
vaksne.
Jobb:
Har jobba mykje i vaksenopplæring, - men no er eg prosjektkoordinator i Norsk
nettskole. Det er ein veldig spennande jobb med ansvar for nettsidene og
administrasjon! Heldigvis har eg mange dyktige medarbeidarar. Bøker:
Eg har også hatt glede av å vere med på 3
bokprosjekt på hobbybasis. Den siste boka heiter "Fotturar på
Sunnmøre". Den vart vi ferdige med i november 1999. Vi står for
distribusjon sjølve. Dei siste fire vekene har vi selt 4000 bøker. Det har
vore ein travel haust.
|